Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget nøgd med normeringsvedtak

 (17.02.2003)

Pressemelding. 17.02.03. Noregs Mållag er nøgd med at Norsk språkråd på årsmøtet 14. februar 2003 gjekk inn for å halde på skiljet mellom hovudformer og sideformer i nynorsk.

Språkrådsvedtaket må kunne tolkast som ein full siger for Noregs Mållag. Under høyringsrunden har Mållaget gått inn for å halde på det noverande rettskrivingssystemet.

Noregs Mållag merkar seg at Språkrådet skal greie nærmare ut bruksområdet for hovudformene, som heretter skal kallast «hovudnormalen». I den samanhengen går Mållaget ut frå at det ikkje vil skje radikale endringar. Det må til dømes framleis vere mogleg for elevar å bruke sideformer i dei skriftlege arbeida sine. Høyringa viste at der no fyrst og fremst er ynske om stabilitet i normeringsspørsmålet.

Noregs Mållag vil fylgje nøye med i kva som skjer vidare i denne saka, både hjå Språkrådet og Kulturdepartementet.


For meir informasjon, kontakt:
Endre Brunstad, styremedlem, telefon 926 60 175
Gro Morken Endresen, dagleg leiar, telefon 22 47 71 11 / 957 85 560

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no