Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Glokalisering og utfordringane for norsk kulturpolitikk

 (13.02.2003)

Pressemelding. 13.02.03. Norsk kulturpolitikk står framføre store utfordringar. Fleire av desse utfordringane kan knytast til dei omfattande prosessane vi kallar globalisering. På Noregs Mållag sitt vinterseminar i helga i Bergen vil ein diskutere ein del slike utfordringar, og sjå på dei meir ideologiske sidene ved dei.

Ei av utfordringane gjeld tilhøvet mellom nasjonalkulturen og det fleirkulturelle samfunnet.
Ei anna utfordring gjeld nyregionalisering. Både i Europa og i Noreg ser det ut til at det regionale nivået vert viktigare, samtidig som det er i endring. Vi ser alt i dag konturane av nye helseregionar, samferdsleregionar og medieregionar. Kva så med regionalisering av kulturinstitusjonar og kulturpolitikken? Og kva rolle vil nynorsken få? Skal målrørsla ha som mål at nynorsken er eit samlande språk for landet, eller skal målrørsla fremje regionalisering, og byggje opp nynorsken som symbol for regionen Vestlandet og for regionen Fjell-Noreg?
Ei tredje utfordring gjeld det kommersialiserte og globale mediesamfunnet.

For meir informasjon om seminaret eller tema kontakt:
Endre Otto Brunstad, styremedlem i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 957 85 560 (m)


Program for Vinterseminaret 2003: Glokalisering? – kulturpolitiske utfordringar
Laurdag 15. februar
12.00 Dugurd
13.00 Opning ved Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag
13.20 Endre Brunstad: Glokalisering og målsak

13.30 Den fleirkulturelle utfordringa
Nina Dessau: Norsk nasjonalkultur i eit fleirkulturelt Noreg?
Einar Niemi: Nord-Noreg – ein fleirkulturell region? Historiske og notidige perspektiv
15.15 Ordskifte
16.15 Pause med kaffi

16.35 Regionaliseringsprosessar
Pål Bakka: Kva skjer i Europa? Nasjonalkultur og regionaliseringsprosessar
Georg Arnestad: Regionalisering av kulturpolitikken og målsaka?
18.10 Ordskifte

20.15 Middag med kulturelt program med innslag frå «Radio Røynda»

Sundag 16. februar
10.00 Kulturpolitikk i mediesamfunnet
Nils R. Langeland: Den fleirkulturelle medienasjonen
Marit Eikemo: Kulturjournalistikk som kulturpolitikk
11.35 Ordskifte
12.15 Dugurd
13.15 Jostein Gripsrud: Folkeopplysningsprosjektet

14.25 Former for kulturpolitikk
Knud Blaauw: Tre former for kulturpolitikk

15.45 Avsluttande kommentarar


Innleiarane
Einar Niemi (f. 1943) er professor i historie ved Universitetet i Tromsø. Han har vore særleg oppteken av migrasjonshistorie, minoritetshistorie og regionshistorie med vekt på Nord-Noreg og Nordkalotten. For tida arbeider han mellom anna med regionalisering av Nord-Noreg og med prosjektet Norsk innvandringshistorie.

George Arnestad (f. 1948) er samfunnsvitar og tilsett som rådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har vore involvert i fleire forskingsprosjekt om kulturpolitikk og regionalisering, og mellom anna skrive forskingsrapporten Kulturregion Vestlandet (2001) for dei fire vestlandsfylka.

Pål Bakka (f. 1953) er statsvitar og tilsett som fyrstebibliotekar ved SV-biblioteket, Universitetet i Bergen. Han har vore særleg oppteken av å analysere den politiske utviklinga i Europa i ljos av forskingstradisjonen som Stein Rokkan etablerte. Bakka er dr.philos. med avhandlinga Explaining Europe (1998).

Nils Rune Langeland (f. 1965) er historikar og forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Oslo. Han er avtroppande redaktør i Syn og Segn og spaltist i Dagbladet Magasinet.

Marit Eikemo (f. 1971) er ny redaktør av Syn og Segn. Ho har brei røynsle som kulturjournalist, og har skrive reportasjeboka Her, no (1999). Ho er medeigar i frilansbyrået Camera tekst og bilder as.

Knud Blaauw (f. 1932) er tidlegare formann for Bergens Riksmålsforening, men har no endra synspunkt på ein del saker. Han er særs kritisk til den makta Oslo har fått i Noreg, likeeins er han kritisk til globaliseringa. Han gav i fjor ut debattboka Europa i revers: en debattbok om Oslo og EU.

Nina Dessau (f. 1950) er statsvitar og ein aktiv samfunnsdebattant. Ho er mellom anna oppteken av det fleirkulturelle feltet og globale spørsmål.

Jostein Gripsrud (f. 1952) er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han er særleg oppteken av kulturteori, populærkultur og folkeopplysning. Han er fast skribent i Dagens Næringsliv og har tidlegare vore leiar for Allmennkringkastingsrådet.

Frode Grytten (f. 1960) har tidlegare vore journalist i Bergens Tidende, men er no forfattar på heiltid. Som journalist er han spesielt kjend for sine reportasjar. Grytten debuterte i 1983 med diktsamlinga Start, og han har gitt ut diktsamlingar, novellesamlingar og romanar. I 1992 fekk han Odda Mållags målpris. For romanen Bikubesong fekk han Brageprisen i 1999 og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Hege Lothe (f. 1972) er redaktør i Norsk Tidend og informasjonskonsulent i Noregs Mållag.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er redaktør i Motmæle, medlemsbladet til Norsk Målungdom.

Endre Brunstad (f. 1967) er styremedlem i Noregs Mållag og er post doktor ved Nordisk institutt ved Universitet i Bergen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no