Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 9. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nei til privatisering av nynorsknormeringa

 (12.02.2003)

Pressemelding. 12.02.03. Noregs Mållag fylgjer spent med når Norsk språkråd på årsmøtet 14. februar 2003 skal gjere vedtak om rettskrivinga i nynorsk. Fleirtalet i Språkrådet har tidlegare gått inn for prinsippet om å fjerne ordninga med læreboknormal, det vil seie fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer.

- Noregs Mållag går kraftig imot ei slik endring. Vi meiner, til liks med dei fleste høyringsinstansar, at ein bør halde på det gamle systemet, seier Endre Otto Brunstad, styremedlem i Noregs Mållag. I det systemet er ordninga med hovudformer med på å sikre ein stabil standardnynorsk, medan sideformene skaper rom for individuell og regional variasjon.

- Dersom ordninga med læreboknormal vert oppheva, vil dei store tekstprodusentane få meir normeringsmakt, fryktar Endre Otto Brunstad. Desse tekstprodusentane (forlaga, NRK, programvareleverandørane og staten) er som oftast plasserte utanfor nynorskområda. Ut frå denne konteksten er det ikkje urimeleg å tenkje seg at tradisjonsformer som ”stikk seg ut”, lettare kan kome til å tape i tevlinga med former som er bokmålsnære. Årsaka vil då ikkje vere kvaliteten på dei tradisjonelle formene, men dei språksosiologiske makttilhøva som nynorsken går inn i.

- Der er ingen vesentlege grunnar til å gjere store endringar i nynorsknorma i dag. Nynorsken er alt eit fullt utvikla skriftmål, og det er ikkje fyrst og fremst språklege, men politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at fleire skal take skriftmålet i bruk, slår Brunstad frå Noregs Mållag fast.

For meir informasjon:
Endre Otto Brunstad, styremedlem i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 957 85 560 (m)




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no