Ja til momsfritak!
(07.02.2003)
Pressemelding frå Norsk Målungdom. 06.02.03. - Momsfritaket for aviser er naudsynt for å halda oppe meinings- og språkmangfaldet i Noreg, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.
Skatteutvalet la nyleg fram eit framlegg om å innføra moms på bøker og aviser. Norsk Målungdom meiner at pressestønaden, både momsfritaket og den direkte stønaden er viktig for å tryggja avismangfaldet i Noreg.
- Denne delen av pressestøtta er viktig for å tryggja framtida til nynorsk som mediespråk. Eit av dei viktigaste domena for nynorsk er lokalavisene. Lokalavisene slit alt i dag med dårleg økonomi, tilhøva vil verta mykje verre om momsfritaket forsvinn, seier Gudrun Kløve Juuhl.
For meir informasjon, kontakt Norsk Målungdom 22 47 71 16/22 47 71 00 Gudrun Kløve Juuhl 411 23 900
|
|