Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny aktivitet i Hjartdal Mållag

 (04.02.2003)

Melding. 04.02.03. Hjartdal Mållag inviterte til medlemsmøte på Fossen Kro i førre veke.

På grunn av kollisjonar med andre aktivitetar i bygda den kvelden vart oppmøtet ikkje så stort som ein kunne ynskje seg, men det vart eit effektivt møte likevel.

Etter å ha gjennomført ein vervekampanje med godt resultat i laget, var neste oppgåve å få til meir aktivitet i laget. Meininga med møtet var å få dra igang arbeidet med å få til eit nytt styre. Laget har ein stabil medlemsmasse som ventar på litt meir aktivitet. Dei frammøtte lagsmedlemmane vart samde om at dei skulle vera valkommiteen som hadde som oppgåve å forebu eit årsmøte i næraste framtid.
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig frå Noregs Mållag og nestleiar i Telemark Mållag Ragnvald Christenson deltok på møtet.

Møtedeltakarane på Fossen Kro i Hjartdal var frå venstre Audun Solberg, Kjetil Langåsdalen, Trond Sæbø Skarpeteig, Knut Hovden, Olav Tho og Aslaug Langåsdalen.

Foto og tekst: Ragnvald Christenson

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no