Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

P4 gav radiokonsesjonen til Kanal4

 (04.02.2003)

Lesarbrev frå Kringkastingsringen. 04.02.03. Kringkastingsringen er glad for at «P4-konsesjonen» vart tildelt Kanal4. Dersom kanalen klarer å oppfylla dei lovnadane dei kjem med i søknaden, vil kanalen verta ein positiv tilvekst i det norske mediebiletet. Følgjer dei krava som vert stilt av departementet, vil dei kunna makta noko som P4 aldri greidde.

P4 spela lotto med eigen konsesjon og tapte. Ein kalkulerte med at departementet ikkje orka å ta belastninga med å gje konsesjonen til ein annan søkjar. Konklusjonen til Allmennkringkastingsrådet i vurderinga av P4 sitt sendeskjema for 2001 kan likevel knapt mistydast. Det er framleis manglande språkleg, geografisk og kulturell breidde. Utbetalinga av aksjeutbytte signaliserer at det ikkje har stått på økonomisk evne, men meir på liten vilje til å utvikla det radiokanalproduktet departementet hadde gitt P4-eigarane i oppdrag å laga. P4-eigarane har brukt konsesjonen til å få pengar ut av annonsemarknaden, noko som også har gått ut over nærradioane.

Kanal 4 har for ein stor del andre seriøse, norske mediebedrifter som eigarar. Dette gir eit solid inntrykk. Det gir og varselet om at ein vil oppretta distrikts- eller lokalkontor fleire stader i landet, og ikkje berre i Oslo, som P4 gjorde. Dei mange regionavisene som er medeigarar vil truleg bli verdfulle stoffleverandørar til kanalen. På denne måten håpar Kanal4 å tilby eit produkt med stemmer frå heile landet. Klarer kanalen å laga stoff som språkleg og kulturelt avspeglar den breidda samfunnet vårt er samansett av, er det all grunn til å ønskja han velkomen.

Unn Aarrestad, leiar i Kringkastingsringen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no