Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krav om nynorsk språkkonsulent

 (15.01.2003)

Pressemelding. 17.01.03. Noregs Mållag utfordrar Kanal4 til å tilsetje eigen språkkonsulent for den nye kommersielle riksdekkjande radiokanalen. I så tilfelle vil Kanal4 vere ein pioner mellom dei kommersielle aktørane innanfor kringkasting.

– Om Kanal4 skal nå målsettinga om å bringe fram røyster frå heile landet, er språk avgjerande. Difor utfordrar Noregs Mållag Kanal4 til å få sin eigen språkkonsulent som kan arbeide med å få fram eit godt språk i kanalen og vere med på å sikre bruk av nynorsk i sendingane, seier Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Den nye kanalen vil ikkje ha same kravet om 25 % nynorsk som NRK har, men har likevel ansvar for å bruke samisk, nynorsk og dialektar i sendingane sine.

Kanal4 har sagt at dei vil utfordre NRK Radio. I etableringsfasen vil det vere avgjerande for den nye radioaktøren å gje nynorsken og dialektane mykje tid på lufta.
– Ei satsing på språk vil føre til at NRK får ei reell utfordring i eteren, og dermed kan Kanal4 etablere seg som ein folkeradio, påpeikar Håvard Teigen.

For meir informasjon:
Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag, 908 87 756
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 957 85 560.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no