Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsdekkjande kommersiell radio - også på nynorsk

 (13.01.2003)

Pressemelding. 13.01.03. I haust vart konsesjonen for å drive kommersiell radio lyst ut. Det var seks aktørar som søkte konsesjon. Rett før jul overraska kulturminister Valgerd Svarstad Haugland medie-Noreg med å gje Kanal4 konsesjonen for å drive kommersiell radio, og ikkje til P4 som har drive kommersiell radio sidan 1993.
– Noregs Mållag tykkjer kulturminister Valgerd Svarstad Haugland har gjort eit spennande val, seier Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Frå 1. januar 2004 vil Kanal4 gå på lufta til heile Noreg med ein kommersiell radio der dei lovar å bruke meir tid på nyhende, analyse, kultur og det fleirkulturelle Noreg, enn det P4 har gjort.

Ein av lovnadene i søknaden er at «Kanal4 skal i sin programvirksomhet bringe frem stemmer fra hele landet gjennom geografisk og språklig variasjon.»

– Det er avgjerande for Noregs Mållag at Kanal4 følgjer opp desse lovnadene med å gje nynorsk ein viktig plass i sendingane, påpeikar Håvard Teigen.

For fleire kommentarar: Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag, 908 87 756 (m)

Gro Morken Endresen, dagleg leiar, 957 85 560 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no