Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nøgd med NRK-vedtak

 (09.01.2003)

Pressemelding. 09.01.03. – Noregs Mållag er godt nøgd med at styret i NRK har vedteke at NRK Sogn og Fjordane også i framtida skal vere eit sjølvstendig distriktskontor, seier Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Heile den desentraliserte strukturen i NRK har vore svært viktig for å gjera NRK til ein kringkastar for heile landet. Distriktskontora har vore avgjerande for å gje dialektane den statusen dei har i dag, og NRK Sogn og Fjordane har vore spesielt viktig for nynorsk i heile NRK-systemet i høve til å rekruttere medarbeidarar og røkte språket.

– Vi vel å tru at dei språklege argumenta for å oppretthalde NRK Sogn og Fjordane må ha vore viktige for NRK-styret då dei fatta vedtaket, seier Håvard Teigen, som utfordrar NRK til å ta kontakt med målrørsla for å utvikle eit endå betre tilbod for NRK, spesielt i det nynorske kjerneområdet og også for ivareta nynorsken i dei andre samanslåtte distrikskontora.

For fleire kommentarar:
Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag, 908 87 756 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no