Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Me gler oss til landsmøtet!

 (06.01.2003)

Melding. 06.01.03. Helga 4.-6. april 2003 er det landsmøte i Noregs Mållag, og det er Landvik Mållag i Grimstad som er lokal tilskipar.

Norsk Tidend tok ein prat med leiar i Landvik Mållag, Astrid Stuestøl Sandkjær for å høyra korleis det står til på stemneplassen.

Er det aktive mållag på den ”bløde kyststripe”, spør eg og lurar på korleis det står det til med Landvik Mållag. Er det noko rom for målsaka i Grimstad?
- Ja, i alle fall i Landvik. Der har me lang tradisjon. Målsak er litt motkultur, og det er det rom for. Nynorsk var skulemål i alle skulane i gamle Landvik kommune bortsett frå ein. Den siste skulen gjekk over til bokmål før sentralskulen kom i 1962, seier Astrid Stuestøl Sandkjær, før ho legg til at nynorsk også var kyrkjespråk i nokre tiår.

Så du har sjølv hatt nynorsk på skulen?
- Ja eg hadde nynorsk fram til 1957, til eg skulle opp i 5. klasse. Då gjekk me over til bokmål, seier Sandkjær.

Og no? Er det noko nynorsk i ålmenta i Grimstad?
- Offisielt er det smått stell. Ingenting i skulen, men kyrkja har to gudstenester i halvåret på nynorsk, svarar ho. Og mållaget er liv laga! Den siste fredagen i november skal me ha kulturkveld om Jakob Sande saman med historielaget. Det er på Resvik Bedehus klokka 19.00 fredag 19. november!

Kvifor vil Landvik skipa til landsmøte?
- Nokon må jo gjera det, og no er det vår tur. Og det er spanande!

Kan du røpa noko om det lokale kulturprogrammet alt no?
- Det skal vera ei overrasking! Me arbeider med saka. Me vil mellom anna presentera gode døme på lokal dialektbruk og humor. Håpar berre det vert forstått av alle! Det blir sannsynlegvis revyinnslag, legg ho til. - Mykje er i boks alt no. Me gler oss til landsmøtet!

- Mange er kanskje redde for å reisa langt på denne årstida, men det skulle ikkje vera noko argument mot å koma til Grimstad i alle fall! Våren er fin på Agder i april, avsluttar Astrid Stuestøl Sandkjær.

Teksten er henta frå Norsk Tidend nr. 5/2002.

BILETTEKST:

Styret i Landvik Mållag gler seg til landsmøtet. Her representert ved frå venstre: Astrid Stuestøl Sandkjær og Anne Elisabeth Havstad.

Trond Sæbø Skarpeteig
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no