Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NRK-rapport som skreddarsydd for Bernander

 (11.12.2002)

Pressemelding frå Kringkastingsringen 11.12.02. NRK offentleggjorde førre veke rapporten om samanslåinga av distriktskontora i Trøndelag, Hedmark og Oppland.
- Rapporten ber preg av at kringkastingssjef John G. Bernander prøver å laga eit reknestykke til sin eigen fasit, seier Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen.

John G. Bernander uttaler til Dagens Næringsliv 5. desember, at samanslåinga har vore ein suksess. Dette på tross av at rapporten ikkje kan påvisa nokon tydeleg effekt verken på lyttaroppslutning, økonomiske innsparingar eller journalistikk.
– Kringkastingsringen har heile tida hevda at tapa ved å slå saman distriktskontora er større enn vinsten, påpeiker Unn Aarrestad.

Det må også stillast spørsmål ved rapportens faglege verdi. Dei som har vore involvert påpeiker at tida har vore alt for knapp til å kunna gje sikre og objektive svar. I tillegg er det kome fram at NRK på førehand var kjend med tidspunktet for undersøkinga. Gulen-ordførar Trude Brosvik hevdar attpåtil i Nationen 6. desember, at dei tilsette i NRK fekk beskjed om å koma seg ut i periferien og laga stoff denne veka.
– Om dette er sant viser det tydeleg at rapporten ikkje er mykje verd, seier Unn Aarrestad.

Kringkastingsringen meiner distriktskontora i NRK er viktige fordi desse har mykje å seia for nynorsk- og dialektbruk rundt om i landet. I tillegg er distriktssendingane viktige for lokal kultur og identitet.
– Med tanke på dette er det merkeleg at rapporten ikkje er via brukarane sine reaksjonar på samanslåinga, uttalar Unn Aarrestad. Og det er vel brukarane NRK er til for?

For meir informasjon;
Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen, tlf. 975 62 035

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no