Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english

Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Avgjerande datasiger for nynorsken!

(05.11.2002)

Pressemelding. 05.11.02. Hausten 2003 lanserer Microsoft sitt første program på nynorsk.
– Dette er verkeleg ei gladmelding og eit gjennombrot for arbeidet med å gjere nynorsk til eit fullverdig dataspråk, seier Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag. Kravet om dataprogram på nynorsk har vore ei av dei sakene Noregs Mållag har lagt ned mest arbeid i dei siste åra.

– Avgjerda frå Microsoft om å satse på nynorsk programvare vil vere svært viktig for opplæring i nynorsk i skulen, seier Håvard Teigen. Noregs Mållag ser fram til at elevar og studentar, tilsette i det offentlege, i private verksemder og alle som arbeider med data kan få tilgang til eit nynorsk skjermbilete.

Våren 2000 skipa Noregs Mållag saman med andre nynorskføretak Aksjon Nynorsk Data 2000. Aksjonen fekk stor oppslutning hjå skuleelevar i vidaregåande skule og heile 461 rektorar og 110 kommunar signerte kravet om nynorsk programvare.

– No bør staten følgje opp med å krevje at programvare som staten kjøper inn, skal kome både på nynorsk og bokmål, påpeikar Håvard Teigen.

Det er Microsoft Office som kjem på nynorsk hausten 2003. Til lanseringa vil truleg ikkje hjelpetekstane vere klare, men Microsoft arbeider med å gjere nynorsk- og bokmålsversjonen likeverdig. Det er også mogleg at Microsoft gjev Windows XP ut på nynorsk.

For fleire kommentarar:
Håvard Teigen, fungerande leiar i Noregs Mållag, 90 88 77 56 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11 (a) eller 95 78 55 60 (m)

Les meir om nynorsk data hjå Norsk språkråd, www.nynorsk.no eller hjå Noregs Mållag.

Les pressemelding frå Norsk Målungdom og frå Nynorsk kultursentrum

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no