Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til medlemene i Noregs Mållag

 (16.10.2002)

Brev frå styret i Noregs Mållag. 16.10.02.


Gode mållagsmedlemer!
Styret i Noregs Mållag viser til at programmet «Rikets tilstand» i TV2 kom med særs alvorlege skuldingar om juks med medlemstal og kurs hjå Norsk Målungdom. Fleire av skuldingane var retta mot leiaren vår, Vidar Lund. Desse skuldingane var knytte til perioden 1995-1996, då han var dagleg leiar i Norsk Målungdom.

Vidar Lund har nekta for skuldingane, men av omsyn til Noregs Mållag søkte han om permisjon inntil vidare. På eit omframt styremøte måndag 14. oktober vedtok styret i Noregs Mållag å permittere Lund i tråd med søknaden.

På det same styremøtet vart òg styret konstituert på nytt. Det ser no slik ut: Håvard Teigen, konstituert leiar (medlem av arbeidsutvalet), Sigrun Høgetveit Berg, konstituert nestleiar (medlem av arbeidsutvalet), Endre Otto Brunstad (medlem av arbeidsutvalet), Astrid Marie Nistad (fyrste vara til arbeidsutvalet), Rutt Trøite Lorentzen, Steinulf Tungesvik og fyrste vara Eldbjørg Skaug. Rutt Trøite Lorentzen har tidlegare meldt at ho skal på studieopphald utanlands frå november, og ho går difor ut av arbeidsutvalet. Det nye styret og arbeidsutvalet vil etter beste evne gjera dei arbeidsoppgåvene som styreleiaren har hatt til no.

Norsk Målungdom blir representert i styret i Noregs Mållag ved ein person som ikkje kan koma under etterforsking i samband med denne saka, det vil seia ein person som ikkje har vore tilsett eller har hatt sentralstyreverv i den aktuelle perioden.

Styret i Noregs Mållag ser særs alvorleg på dei skuldingane som har kome mot Målungdomen. Saka er no hjå politiet, og styret er glad for at dei rette organa er sette til å finne ut kva som har gått føre seg.

Uansett utfallet er dette ei trist og vanskeleg sak for målrørsla. Det viktige no er likevel at lag og medlemer held fram med alt det gode målarbeidet de gjer utover hausten og vinteren
– det trengst!


Med beste helsing
styret i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no