Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Ei alvorleg sak

 (16.10.2002)

Melding. 16.10.02. To artiklar frå den nye utgåva av Norsk Tidend. Norsk Tidend er avisa til Noregs Mållag. Redaksjonen vart avslutta fredag 11. oktober 2002.

– Ei alvorleg sak

Leiar i Noregs Mållag, Vidar Lund har bede om permisjon inntil vidare etter skuldingane mot Norsk Målungdom i TV 2-programmet Rikets Tilstand
onsdag kveld.

Vidar Lund var dagleg leiar i Norsk Målungdom i tida
1995–96. Det er frå denne perioden han er vorten
skulda for å ha gjeve urette opplysningar om medlemstalet i organisasjonen i søknader til departementet.

Vil vurdere alle sider
– At Vidar Lund i dag er leiar i Noregs Mållag, gjer
dette til ei alvorleg og vanskeleg sak også for Mållaget, seier nestleiar Håvard Teigen.
– Men det er sjølvsagt heilt umogeleg å fungere
som leiar i den situasjonen som har oppstått, og Vidar
Lund må no få konsentrere seg heilt og fullt om å reinvaske seg sjølv for skuldingane, seier Teigen.
– Styret i Noregs Mållag vil bruke dei neste dagane
på å skaffe seg meir informasjon og vurdere alle sider ved saka før styremøtet førstkomande
måndag.
– Det er sjølvsagt slik også i denne saka at folk er
uskuldige til det motsette er prova, seier han.
Teigen understrekar at han sjølv har relativt kort
fartstid i organisasjonen, og kom med i styre og sentrale verv fyrst i 1999.

Kjennskap til saka
– Har du kjennskap til at det på noko tidspunkt har
vore sett fram skuldingar eller versert rykte om økonomisk utruskap i ungdomsorganisasjonen?
– Styret fekk eit brev for eitt år sidan som inneheld
påstandar og skuldingar om medlemsjuks. Styret tok
brevet på alvor og bad skriftleg om at Norsk Målungdom
la saka fram for internrevisor. Sidan har eg ikkje høyrt meir om saka før Rikets Tilstand tok ho opp, seier Teigen.
– Men det er i interessa til Noregs Mållag at alle opplysningar kjem fram. Vi har tillit til at Norsk Målungdom og Barne- og familiedepartementet
gjer alt for å finne ut om dei skuldingane som er sette fram, er sanne eller usanne, seier Teigen. Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til
Noregs Mållag, men er både formelt og reelt ein sjølvstendig organisasjon. Noregs Mållag har difor verken innsynsrett eller kontroll over det som no er kome fram.

av Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor





Skuldingar om juks i Norsk Målungdom

Rikets Tilstand på TV 2 har avslørt at Norsk Målungdom kan ha overrapportert kursaktivitet og talet på medlemer i organisasjonen. Økokrim har sett i gang etterforsking i saka.

Onsdag den 9. oktober gjekk TV 2s Rikets Tilstand på lufta med eit program som sette søkjelyset på at Norsk Målungdom kan ha motteke for mykje statsstøtte frå Barne- og familiedepartementet. I programmet
vart det lagt fram dokument som Rikets Tilstand-redaksjonen hevda å ha fått direkte frå harddisken til Norsk Målungdom. Av desse dokumenta gjekk det fram at tillitsvalde i Norsk Målungdom har gjeve feil opplysingar til staten i samband med organisasjonen sine søknader om statsstøtte. Rikets Tilstand har eit rikhaldig utval av dokument som redaksjonen skal ha fått tilgang til allereie i juni 2001.

Fekk tips
Økokrim fekk tips om saka på ettersommaren i 2001. Økokrim valde då å leggje vekk
saka, men varsla Barne- og familiedepartementet (BFD). BFD valde å ikkje sjølv granske saka, men bad Økokrim gjere dette, noko Økokrim avviste hausten 2001. Same kvelden som Rikets Tilstand-programmet vart
sendt, gjekk barne- og familieminister Laila Dåvøy ut i NRK og sa at ho tok saka veldig alvorleg dersom påstandane om juks er reelle.
– Det vi har vore vitne til på skjermen i kveld, er sjokkerande, sa Dåvøy og la til at ho vona at Økokrim gjekk inn i saka med full tyngd.

Etterforsking av saka
Dagen etter, torsdag 10. oktober gjennomførte departementet ein pressekonferanse der det blei slått fast at Norsk Målungdom og Vidar Lund skulle etterforskast.
– Eg er svært glad for at det er sett i gang etterforsking av saka, sa barne- og familieminister Dåvøy på pressekonferansen etter at Økokrim hadde
vedteke å ta saka. Det er også klart at departementet
saman med Fordelingsutvalget skal sjå på det
materialet dei no har fått tilgang på, for å sjå om dei kan finne svake sider i regelverk og
kontrollrutinar. Same dagen sette Økokrim i gang etterforsking. Økokrim kverrsetje datautstyret og papirarkivet til Norsk Målungdom.
– Slik saka ser ut i dag, er ho svært alvorleg med noko som kan vere eit grovt bedrageri av statlege midlar, sa Arnt Angell, førstestatsadvokat hos Økokrim
til NRK 2 Siste nytt. Angell kunne ikkje seie
noko om kor mange personar som kan bli sikta, men seier på generelt grunnlag at grovt bedrageri har ei øvre strafferåme på seks år. Det er ikkje sagt kor lang tid Økokrim kjem til å bruke på å etterforske saka, men både Gudrun Kløve Juuhl i Norsk Målungdom og
barne- og familieminister Laila Dåvøy har uttalt at dei vonar på rask etterforsking.

Alvorlege skuldingar
Leiar Gudrun Kløve Juuhl i NMU tek skuldingane frå Rikets Tilstand alvorleg.
– Eg er overraska og sjokkert over desse skuldingane.
Eg trur ikkje det er hald i dei, men om det er det, så er dei særs alvorlege. Vi i NMU vil gjere det vi kan for å klare opp i denne saka. Vi har alt hatt møte med Barne- og familiedepartementet og tilbydd dei
det innsynet dei måtte ynskje i organisasjonen, seier Kløve Juuhl. NMU tok kontakt med Barne- og familiedepartementet kort tid etter at organisasjonen
vart kjend med innhaldet i programmet. Målungdommen
hadde deretter møte både med departementet og med Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner
(LNU).

Lund har teke permisjon
Leiar Vidar Lund i Noregs Mållag har bede Noregs Mållag om permisjon. Permisjonssøknaden skal handsamast i styret måndag 14. oktober. Styret samtykkjer truleg til søknaden. Håvard Teigen, nestleiar i Noregs Mållag, vert då truleg vald til konstituert leiar for Mållaget. I søknaden om permisjon legg Vidar Lund vekt på at han ikkje ønskjer at skuldingane som er retta mot han, skal råke
Noregs Mållag. Han tykkjer difor det er naturleg å be om permisjon. Permisjonen er ikkje tidfest. Vidar Lund var dagleg leiar i Norsk Målungdom frå 1995 til 1996. Det er frå denne perioden han er vorten skulda for å ha gjeve urette opplysningar om medlemstalet i søknader til departementet.

NM er ikkje skulda
– Det er ikkje retta skuldingar mot Noregs Mållag i denne saka, seier nestleiar Håvard
Teigen. Det er Norsk Målungdom som er skulda for å ha overrapportert medlemstal og kursverksemd til Barne- og familiedepartementet. Årsaka til at Noregs Mållag er kome i fokus i denne saka, er at leiar Vidar
Lund var dagleg leiar i NMU i 1995–96. Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs
Mållag, men organisasjonen er både formelt og reelt
sjølvstendig. Noregs Mållag har difor verken innsynsrett eller kontroll over dei tilhøva som no er komne fram.

Under etterforsking
– Det er blitt føreteke ransaking og gjort beslag på Norsk Målungdom sine kontor, så Vidar Lund er sikta. Eg har bede om dokumentinnsyn i saka og har meldt meg som forsvarar, seier Harald Stabell, advokat for Vidar Lund. Stabell har enno ikkje sett noko papir i saka, og han kan ikkje seie kor lang tid han trur
det tek å etterforske henne.
– Eg tør ikkje å seie noko om når saka kan vere ferdig
etterforska, seier Harald Stabell.

av Hege Lothe, Norsk Tidend



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no