Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til påstandar om overrapportering av medlemer og kurs hos Norsk Målungdom

 (09.10.2002)

Pressemelding. 09.10.02.
Noregs Mållag har merkt seg at programmet "Rikets tilstand" i TV2 kjem med særs alvorlege skuldingar om juks med medlemstal og kurs hos Norsk Målungdom.

Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, men er både formelt og reelt ein sjølvstendig organisasjon. Noregs Mållag har derfor verken innsikt i eller kontroll over dei tilhøva som er tekne opp i dette fjernsynsprogrammet.

Noregs Mållag har tillit til at Norsk Målungdom og Barne- og familiedepartementet gjer alt for finne ut om dei skuldingane som har kome fram, er sanne eller usanne. Det er i interessene til Noregs Mållag at alle opplysningar kjem fram.

Mange av skuldingane er retta mot Vidar Lund, som var dagleg leiar i Norsk Målungdom i 1995-96. Det er frå denne perioden han er vorten skulda for å gje opp urette opplysningar i søknaden til departementet. Ved at Lund i dag er leiar for Noregs Mållag, vert dette også ei alvorleg og vanskeleg sak for Mållaget.

Styret i Noregs Mållag vil såleis bruke dei neste dagane til å skaffe seg meir informasjon, og vurdere alle sidene ved saka. Det er sjølvsagt slik også i denne saka at folk er uskuldig til det motsette er prova.

For spørsmål kontakt Håvard Teigen, nestleiar i Noregs Mållag, tlf 90 88 77 56 (m).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no