Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utdanningsbudsjett utan nynorskprofil

 (03.10.2002)

Pressemelding. 03.10.02.
Utdanningsminister Kristin Clemet har lagt fram eit budsjett som usynleggjer nynorskelevane. Trass i at det er dokumentert at det trengst meir pengar til nynorske lærebøker i vidaregåande skule, kjem ikkje det fram i budsjettet.

- Noregs Mållag og Norsk Målungdom fryktar at det heller ikkje i år kjem pengar som gjer det mogleg for elevane å ta utdanninga på sitt eige språk, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

- Vi krev at utdanningsministeren klårgjer kor mykje pengar ho vil bruke på nynorske lærebøker. Om ikkje ho har pengar i potten må utdanningskomiteen på Stortinget rette opp mistaket, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.

I august la Noregs Mållag og Norsk Målungdom fram Svartelista med over 40 bøker som ikkje kjem på nynorsk. Talet er så høgt av di utdanningsdepartementet har sett i gang nye studieretningar utan å syte for lærebøker på både bokmål og nynorsk.

Utdanningsdepartementet nemner heller ikkje satsing på nynorsk programvare, noko som har vore ei kampsak for målrørsla og elevane dei siste åra. I fjor gav dei stønad til forprosjekt til både Linux i Skulen og Nynorsk inn i IKT-opplæringa.

- Skal desse prosjekta kunne halde fram og gje skulane programvare på nynorsk trengst det pengar i 2003, seier Vidar Lund.


For fleire kommentarar, kontakt
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624, e-post vidar.lund@nm.no
Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom, tlf. 928 48 360.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no