Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag krev samisk på rikssendingane

 (02.10.2002)

Pressemelding. 02.10.02. Noregs Mållag er sjokkert over at NRK sentralt tvingar samiskspråklege journalistar til å nytte norsk når dei skal lage innslag for Nordnytt og Dagsrevyen.

- Det at journalistar snakkar samisk med norsk teksting på rikssendingane aukar forståinga av at Noreg er eit fleirkulturelt land, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag. - Ein språkpolitikk som nedvurderer det samiske samfunnet ved å fjerne innslag på samisk er ei sterk undertrykking av samisk språk og kultur, understrekar Lund.

Noregs Mållag er òg oppteken av samar som blir intervjua av NRK. - Sjølvsagt må ein få snakke samisk i NRK, for dei som har samisk som morsmål er det opplagt det beste språket å uttrykkje seg på, seier Lund.

Mållaget vil ta opp saka med NRK. - Vi har til vanleg møte med kringkastingssjefen kvart år, og dette er absolutt ei sak vi vil ta opp med han. NRK må ikkje skru utviklinga attende til 60-åra då samisk var eit ikkje-språk i riksmedia, avsluttar Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.


For fleire opplysningar, kontakt Vidar Lund, tlf. 402 11 624 (m), e-post <a href="vidar.lund@nm.no">vidar.lund@nm.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no