Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Viljen til språk

 (01.10.2002)

25.09.02. Årstale 2002 om tilstanden for nynorsk skriftkultur, av Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Det var ein danske som såg det. I ein avisartikkel sa den danske språkforskaren Gudmund Schütte i 1922: «Alt i alt maa det siges, at norsk Landsmaal ejer en gjennemført Sprogvilje, som intet af de andre fastlandsnordiske Sprog har Magen til.» Eg går ikkje god for rangeringa, men eg synest Schütte her har forma eit ord som går oss rett til hjarta. Uttrykket språkvilje peikar mot språket i seg sjølv. Viljen til språk peikar både innetter mot språket og utover mot kulturen, minner oss om det djupt eksistensielle ved språk og det djupt språklege ved kulturen.

I den første årstalen i 2001 prøvde eg å gi eit samla oversyn over tilstanden for nynorsk skriftkultur. Ein av konklusjonane låg i dagen og kan knapt kallast oppsiktsvekkjande: Det skjer små endringar frå år til år. Difor blir ikkje desse årstalane sjongleringar med tal – iallfall ikkje dei same tala kvar gong.

Før eg gjekk laus på manuskriptet, tenkte eg at denne årstalen kom til å bli lite kontroversiell. Det var før eg visste kva eg kom til å snakke om. Den nordirske museumsmannen Brian Turner har med stort alvor streka under kor viktig det er at museum kryssar kulturelle grenser og er ein stad der vanskelege spørsmål kan stillast. Alt som er viktig, seier han, vil vere populært for nokre og upopulært hos andre. Musea må vise sin relevans for det samfunnet dei verkar i og på den måten utnytte det potensialet dei har til å utgjere ein del av infrastrukturen for eit sivilisert samfunn. Difor må museum vere det han kallar dialoginstitusjonar. Med eit anna utgangspunkt har den norske museumsmannen Per Bjørn Rekdal streka under kor verdfullt det ville vere om musea oftare hadde mot til å gi seg i kast med det han kallar verdi-dilemma. Alt gjennom sin eksistens gjer Nynorsk kultursentrum det. Men eksistens må knytast til handling, i ord og gjerning.

Sigmund Skard skreiv ein gong: «Vil ein glytta inn i framtida, er det klokt å sjå litt på fortida først. Vi veit trass alt noko meir om den.» Om fortida får vi aldri vite alt eller nok. Året 2002 har mint oss om verdien av det store arbeidet til teologen, politikaren og diktaren Elias Blix. Hans rolle i norsk kulturhistorie generelt og spesielt om hans bidrag til eit faktisk kulturelt mangfald på norsk kan det framleis seiast meir om, iallfall nokre avsnitt til.

Dette kulturelle mangfaldet har i seinare år møtt ei utfordring som også vil vere viktig for framtida til nynorsken. Truleg er dette den faktoren vi førebels veit minst om. Den som vil gløtte inn i framtida, må ikkje oversjå samtida. I årstale nummer to rettar eg difor all merksemd mot forholdet mellom innvandrarkulturar og nynorsk skriftkultur. Eg konsentrerer meg om nokre viktige sider av både kulturelt mangfald og fleirkulturelt mangfald. Under det heile ligg eit prinsipielt håp om at det er mogleg å rive desse uttrykka laus frå festtalens irrgangar, byråkratiets korridorar og det offentlege dokumentets endelause spalter.

Diverre skal det visst godt gjerast å finne ein einaste artikkel på meir enn fem sider om emnet innvandring og nynorsk. Nokre har meir eller mindre snubla innom emnet, men ingen av dei mange som frå tradisjonell norsk side har skrive om dette emnet – og dei er mange – har vore i nærleiken av å sjå dette med eit nynorsk blikk. Emnet er stort, marginane for å trø feil små. Her set eg mi lit til det Gunnar Skirbekk ein gong skreiv i Dag og Tid: ”Det er viktig å slå eit slag for retten til å dumme seg ut, når ein føler at ein har noe ein skulle ha sagt, og seier det, utan å kvele inspirasjonen alt i starten med alskens krav om rettferdiggjering.”

Mangfald på norsk
Nynorsken kom frå alle kantar. Frå Telemark kom Aasmund Olavsson Vinje og Ingebjørg Jore, frå Sørlandet kom Marta Steinsvik, Henrik Krohn og Bolette Pavels Larsen frå Bergen, Ivar Aasen frå Sunnmøre, og Elias Blix kom frå Helgeland. Til no har ikkje den historiske utviklinga av denne skriftkulturen vore godt kartlagd i eit regionalt perspektiv. Det kan verke paradoksalt all den tid så mykje statistikk ligg føre om framveksten av skulemål og kyrkjemål i dei enkelte kretsane og dei enkelte kyrkjelydane. Samspelet mellom desse faktorane har likevel vore heller ukjent.

Nynorsk kultursentrum har under arbeid ein dokumentasjon av det som kan kallast nynorskens topografi, altså utbreiinga av nynorsk i tid og rom. Vi byggjer opp ein enkel database med opplysningar om når nynorsk blei innført i kyrkje, skule og offentleg forvaltning. Etter kvart kan iallfall tre spørsmål få nokre utfyllande svar:
· Når tok kyrkjelydane i bruk Blix-salmane?
· Når blei nynorsk (landsmål) hovudmål i dei første skulekrinsane i ein kommune?
· Når vedtok ein kommune nynorsk som offentlege tenestemål?

På tvers av svært skiftande kommunegrenser i det 20. hundreåret sit vi førebels med svara på desse spørsmåla for om lag 140 kommunar frå heile landet. I alle fylka er mønsteret det same: Først innfører ein kyrkjelyd Blix-salmane – gjerne før 1910. Så innfører dei første skulekrinsane i kommunen til denne kyrkjelyden nynorsk som hovudmål – dei fleste stadene før 1920. Til slutt vedtek kommunestyret nynorsk som offentleg tenestemål – frå 1922 og helst før 1930.

I tre av fire kommunar er dette mønsteret; berre tidspunkta varierer ein god del. Det er vaksne menneske som gjer desse vedtaka. Dei har i svært liten grad møtt nynorsk i litteratur eller kunst gjennom skulen. Svært mange av dei har avslutta sin skulegang før jamstellingsvedtaket i 1885. Dei vaksne tek i bruk nynorsk først, ved å syngje Blix-salmar, så introduserer dei barna sine for det nye skriftspråket i skulen.

Desse prosessane kom ikkje ut or lause lufta. Vedtaka var i mange tilfelle resultatet av målretta arbeid frå målfolk som no tok til å organisere seg i mållag og ungdomslag. Desse prosessane integrerte den nynorske skriftkulturen sterkt i det moderne Noreg. I 1912 var Blix-salmane alt innført i 35 % av alle norske kyrkjelydar. Dette var berre tjue år etter at kyrkjelydane hadde fått lov til å ta i bruk desse salmane. Same året var sidemålsstil ved eksamen artium eit faktum. Alt i 1912 gjekk det nesten 50 000 elevar i nynorske folkeskulekrinsar. Det var 12 % av alle elevane i den norske folkeskulen.

Når først den religiøse motviljen mot eit nytt språk om så personlege emne som tru og livssyn hadde lagt seg, vann nynorsken ein sterkare posisjon i kyrkja enn dei fleste andre stader i samfunnet. Kyrkjelyd på kyrkjelyd gjennomførte røystingar om Blix-salmar og om målforma i liturgien. Det mest slåande trekket ved desse røystingane er at ja-fleirtalet var så stort. Det var med solid fleirtal, ikkje med knappe marginar, nynorsken fekk si utbreiing.

Korleis kunne det nye skriftspråket så raskt og med slik tyngd vinne denne posisjonen innanfor det religiøse liv?
Spørsmålet har minst to svar.

Det eine svaret peikar i retning av ei salmedikting som ikkje lenger var i samklang med dei religiøse behova i breie folkegrupper. Her kom då nordlendingen Blix med sitt svar på desse behova. Salmane hans var ikkje nye då dei blei røysta inn i kyrkjene. Mange av dei salmane som etter kvart blei dei mest brukte, var gjerne femti år gamle før dei blei tekne i bruk allment. Likevel blei dei oppfatta som nye. Den måten Blix dikta forkynninga inn i salmane på i 1860- og 70-åra, verka fornyande eit halvt hundreår seinare. Sanneleg, her står klisjeen og ventar: Han var før si tid. Vi skal likevel hugse på at det også tok mange tiår å innføre Landstads salmebok over heile landet. Å endre religiøse vanar tek tid.

Det andre svaret peikar forbi dei studiane i den nynorske intelligentsiaen si rolle som er blitt så sterkt framheva det siste tiåret. Nokre har gjort eit nummer av at den nye skriftkulturen blei boren fram av ein sosial og kulturell elite. Når eit moment er blitt undervurdert lenge nok, blir det i neste omgang gjerne overvurdert og gjort større enn det kanskje burde vere. Eg trur iallfall at slike sosiologiske analysar må justerast på eit heilt avgjerande punkt ved hjelp av statsvitskapleg innsikt i dei formelle prosessane som førte fram mot vedtak om liturgisk språk, om bruk av Blix-salmane og seinare Nynorsk salmebok, om hovudmål i undervisninga i dei einskilde skulekrinsane. Alt dette var vedtak som blei fatta etter den tids demokratiske modellar og system, gjerne ved at eliten bygde alliansar og fann fram til sine nærmaste. Nynorsken kom i meir bruk fordi det var nokon som hevda sin vilje til språk og valde nynorsk i staden for noko anna. Nynorsken kom inn gjennom demokratiske prosessar, og kan difor også berre sjaltast ut gjennom tilsvarande demokratiske prosessar.

I desse prosessane spelte utan tvil den nynorske eliten ei svært viktig rolle. Denne eliten åleine kunne likevel ikkje nå fram åleine. Noreg stod aldri overfor ein situasjon som likna på den tyske tilstanden, av Rosa Luxembourg omtalt slik i 1916: «De tyske friheter er gitt ovenfra. Derfor kan de også tas bort ovenfra.» Nynorsken blei ikkje innført ovanfrå. Alliansar måtte til; fleire enn eliten måtte ønskje å gjere seg eller barna sine til nynorskbrukarar. Det blir ingen nynorsk salmesong i kyrkja berre fordi klokkaren, presten og læraren ønskjer det. Kyrkjelyden må sjølv kjenne at det er rett og godt å bruke desse salmane.

Resultatet av desse demokratiske prosessane er tydeleg. I kvart enkelt tilfelle var det eit fleirtal som valde dette mindretalsspråket. I Noreg sett under eitt er nynorsk eit mindre brukt språk. Men den nynorske skriftkulturen har ein så sentral plass i det norske samfunnet at i delar av landet er det bokmål, ikkje nynorsk, som er det mindre brukte språket. Det same mønsteret vil vi finne om vi går inn i grupper av folk, eller i samfunnsinstitusjonar som skulen eller kyrkja. Også bokmål er eit sidemål.

At nynorsken blei innført gjennom demokratiske vedtak, blir ein styrke når meir av offentleg norsk politikk blir regionalisert. Nynorsken har fotfeste fleire stader enn på Vestlandet, i fleire institusjonar enn Stortinget, i fleire sosiale lag enn hos bønder og fiskarar, og i fleire trussamfunn enn Kyrkja, Den norske. Det Elias Blix fekk utretta, var med og skapte ein kultur med sine verdiar, kunnskapar og livsformer. Gjennom verdige, demokratiske prosessar blei det skapt eit kulturelt mangfald i landet.

Kulturell innvandring
Elias Blix skreiv både salmar og songar og høvesdikt. Eitt slikt høvesdikt stod på prent i Den 17de Mai 1. september 1898. Den dagen opna Den norske Marknaden i Oslo. I atten dagar til ende mønstra norskdomsrørsla på den tida sine mangfaldige kulturelle uttrykk, kremmarånd medrekna. Diktet av Blix heitte «Modersmålet». Dei siste linjene går slik:

Millom alle folk paa jord
Dyre var dei moders ord.
Lat og oss det sanna.

Det er skrive mykje om morsmålet på nynorsk. Per Sivle dikta om den første song, Arne Garborg minte om «dei halvgløymde tonar frå barneheimen». Det viktige her er å streke under det allmenne og det universelle ved morsmålet, slik Blix gjer, at det er noko alle kulturar må forholde seg til. Det har også den nynorske gjort, på sin litterære måte.

Då Blix skriv songen til morsmålet, er nynorsk på veg inn i ein ny epoke. På få tiår går nynorsk frå å vere eit språk for spesielt interesserte til å bli ein brei skriftkultur som femner om stadig nye område. Dei få nynorske institusjonane frå 1800-talet får selskap av mange nye. Samstundes er også det norske samfunnet i støypeskeia. Dermed kjem den nye skriftkulturen i klemme i overgangen mellom venstrestaten og arbeidarpartistaten.

Arbeidarpartiet programfestar ikkje noko som helst om språkpolitikk før 1945, og nemner ikkje nynorsk eller landsmål ved namns nemning i eitt einaste partiprogram på 1900-talet. Oddmund L. Hoel arbeider med ein hypotese om at det var 1920- og 30-åra det glapp for nynorsken, i eit tidsrom då nynorsken klatra til nye høgder. Ingen fekk dreis på alliansen mellom arbeidarklasse og målrørsle i tiåra før den tyske okkupasjonen. Mangelen på eit slikt samspel skapte eit politisk tomrom. Situasjonen i dag representerer ei utfordring som kan vere like alvorleg og vanskeleg å overskode.

I mange tiår har ein av dei store diskusjonane kring norsk språk generelt vore spørsmålet om påverknad frå dei store verdsspråka, særleg engelsk, og då mest i ordforråd. Den skilsetjande utgreiinga Målreising 1967 kommenterer dette presist, og lakonisk: «Heilt frå Garborgs dagar har nynorskfolket vore like mykje orienterte ut over landegrensene som bokmålsfolket. Og kvifor skulle dei ikkje vera det? Bokmålet er då ikkje av dei store verdsspråka, det heller.» Snart er det blitt eit munnhell at engelsk språk om ikkje så lenge vil trengje norsk bort og ta over som både skrift- og talespråk. Det finst språkforskarar som sår tvil om grunnlaget for denne påstanden. Desse svært interessante resonnementa let eg liggje no.

Utover på 1900-talet bygde den nynorske skriftkulturen seg opp mellom anna ved å hente kulturimpulsar frå andre land og verdsdelar. I 1920-åra kom serien Austerlendske bokverk med sine tre små band; i 1960-åra OrionEx, der bøker frå eit dusin land i tre verdsdelar var representerte. Gjennom slike bøker vandra spreidde kulturuttrykk frå andre land inn til det nynorske og norske før kulturberarane sjølve kom. Vi kjende til dei gjennom litteraturen, men kjende vi dei?

Éin ting er nemleg kva følgjer dei får, dei orda som kjem til oss frå andre land og språk og kultur. Eg trur det no må reisast eit anna ordskifte: Kva følgjer kan og bør dei få for nynorsken, dei menneska som kjem til oss frå andre land og språk?

«Kulturelle mønster i innvandrarbefolkninga»
Innvandring er eit gode. Det må stå fast. La oss så få orden på dei harde fakta.

I Noreg budde det ved inngangen til 2001 nær 300 000 innvandrarar, det vil seie personar som verken har foreldre eller besteforeldre som er fødde i Noreg. Denne såkalla innvandrarbefolkninga utgjorde mindre enn 7 % av det samla folketalet. (At det er svenskane og danskane som toppar tabellane over førstegenerasjonsinnvandrarar dei siste tiåra, blir berre ein parentes i denne framstillinga.) Dei innvandrarane som det blir diskusjon om blant nordmenn, er helst dei ikkje-vestlege; same kor skjematisk det kan vere å skilje mellom vestleg og ikkje-vestleg. To tredelar av innvandrarbefolkninga hadde ikkje-vestleg bakgrunn og kom frå Aust-Europa, Asia medrekna Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika.

Innanfor Noreg fordeler desse ikkje-vestlege innvandrarane seg i eit interessant mønster. Tabell 1 og figur 1 syner at ein tredel av innvandrarbefolkninga bur i Oslo, og at det bur dobbelt så mange innvandrarar i hovudstaden som på heile Vestlandet. Det går fram av tabell 2 og figur 2 at dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjer nær 80 % av alle innvandrarane i Oslo. Det er mykje meir enn landsgjennomsnittet. På Vestlandet utgjer dei ikkje-vestlege innvandrarane om lag ein like stor del som for landet sett under eitt.

Kvar fjerde norske kommune har nynorsk som tenestemål. Dette kriteriet seier ikkje all verda om bruken av nynorsk mellom innbyggjarane i kommunane, og langt frå alle nynorskbrukarar i landet bur i desse kommunane. Likevel er dette det einaste sikre kriteriet som kan brukast til å seie noko om forholdet mellom nynorskbrukarar og innvandrarar. Tabell 3 og figur 3 dokumenterer situasjonen i nynorskkommunane. Her viser det seg at berre 5 % av innvandrarane bur i nynorskkommunar, mens dei same kommunane står for 12 % av samla folketal i landet. Innvandrarane utgjer dessutan ein mindre minoritet i nynorskkommunane enn i resten av landet. Berre 3 % av innbyggjarane i desse kommunane er innvandrarar, mens dei utgjer nær 7 % for landet sett under eitt. Der er utan tvil noko som minner om ein innvandrarghetto i Oslo. No er det dokumentert at det også er vesentleg færre innvandrarar i dei nynorskdominerte delane av landet enn i resten av landet.

Skilnadene mellom nynorskkommunane er store på mange punkt. Det gjeld også i innvandrarspørsmål. Med nær 700 innvandrarar er Flora den nynorskkommunen som har flest innvandrarar, rekna i absolutte tal. Det andre ytterpunktet er Modalen med sine fem innvandrarar. Rekna i prosent ligg likevel Hemsedal øvst. Der utgjer innvandrarar heile 13 % av folketalet. I den andre enden ligg Gulen med 0,8 %. Innvandrarane utgjer meir enn 5 % av folketalet i berre 13 nynorskkommunar, mens dei utgjer mindre enn 2 % i heile 29 kommunar.

Store forskjellar vil også finnast i fordelinga mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar. Dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjer alt frå 19 % i Hjelmeland, Rogaland til 85 % i Hjartdal, Telemark. Då ser eg bort frå Fedje, der ein av i alt sju innvandrarar er ikkje-vestleg. Nynorskkommunane sett under eitt ligg ganske nær landsgjennomsnittet, men har ein litt større del vestlege innvandrarar enn andre kommunar.

Med eit nynorsk blikk er Rogaland ein kulturelt brytingsområde for møtet mellom dei to norske kulturane. Til dømes har Rogaland fleire skular med klassar som er delte mellom bokmål og nynorsk enn noko anna fylke. Eit liknande brytingspunkt er dette fylket også når innvandrarspørsmål står på saklista. Av dei fylka som har eit visst innslag av innvandrarar blant innbyggjarane sine, er det Rogaland som har den jamnaste fordelinga mellom dei vestlege og dei ikkje-vestlege. Her er 51 % av innvandrarbefolkninga ikkje-vestleg. I skarp kontrast til dette har 78 % av innvandrarane i Oslo ein slik bakgrunn.

For å gripe desse skilnadene meiner eg vi må skilje mellom indrekulturelle og ytrekulturelle brytingar. Det indrekulturelle gjeld forhold innanfor den språkkløyvde norske kulturen, mens det ytrekulturelle gjeld forholdet mellom norske og andre kulturar. Rogaland kan kallast både eit indrekulturelt og eit ytrekulturelt brytingsområde, mens Oslo i større grad er eit ytrekulturelt brytingsområde. Det kulturelle mangfaldet kan sjå ut til å vere større i hovudstaden enn elles i landet, men det spørst kva slags kulturar vi då vurderer.

Enno er det ikkje ei allmenn oppfatning i Noreg at det går noko kulturelt skilje som har å gjere med forholdet mellom nynorsk og bokmål. Då kan vi knapt vente at andre skal sjå det heller. Utlendingar flest oppfattar truleg den språkkløyvde norske kulturen som nokså homogen. Dei fleste innvandrarane bur på stader i landet der dei får svært lite kontakt med det nynorske. Dermed får mange nynorske også altfor liten kontakt med dei kulturane innvandrarane representerer. Både den geografiske og mentale avstanden er blitt for stor. Eg trur fråværet av innvandrarar i det nynorske kan bli eit større problem for norsk samfunnsutvikling enn konsentrasjonen av innvandrarar i hovudstaden.

Meiningar om nynorsk og om innvandrarkulturar
Ingen held lenger til på Bufast all sin dag. Vi hentar livsrøynsler og grunnlag for eigne meiningar frå så mange kantar. Over tid kan vel berre møte med andre menneske danne eit reelt grunnlag for å gjere seg opp ei rimeleg meining om desse menneska. Likevel er det ikkje tvil om at mange nynorskbrukarar har mindre røynsle med fleirkulturell kontakt enn det som no er vanleg i Noreg. Spørsmålet blir då om dette viser att i nordmenns meiningar om innvandrarar – og om nynorsk.

Ei utsegn av Sigmund Skard i 1981 bar bod om ei innsikt vi treng no: «Det som no lagar seg for augo våre, er den heilage og allmenne mellomklassa. Den vil knapt ha stort tålmod med minoritetar og avvikarar, korkje språklege eller andre.» No er denne middelklassen heilt dominerande i det norske samfunnet.

Visst finst det nynorskbrukarar som er både sjølvgode, innesnødde, sjåvinistiske og det som verre er. Innover i norske fjordar og dalar finst det litt av kvart, som det gjer det rundt neste kvartal i byane. Den store verdiundersøkinga Norsk Monitor viser likevel nokre svært interessante mønster. Annakvart år blir fleire hundre spørsmål om verdiar og haldningar stilte til eit svært stort utval nordmenn. Over tid gir dette innsyn i korleis nordmenn endrar sine haldningar og verdiar. Men dette er også den einaste kjelda til påliteleg kunnskap om forholdet mellom nynorsk skriftkultur og innvandrarkulturar. Det Norske Samlaget er no ein av abonnentane på denne tenesta. Dermed har det kome inn fleire nynorskrelevante spørsmål. Eg er Samlaget og Ottar Hellevik i MMI stor takk skuldig for at eg no får leggje fram nytt og ukjent stoff frå denne undersøkinga.

Både i 1999 og 2001 inneheldt undersøkinga eit spørsmål om haldninga til å lese bøker, blad og aviser på nynorsk. Her var det fem svaralternativ å velje mellom:
· Liker godt å lese nynorsk
· Synest det går greitt å lese nynorsk
· Vil helst sleppe å lese nynorsk
· Kan ikkje tenkje meg å lese nynorsk
· Usikker

Gjennom svara kjem det fram viktige variasjonsmønster i haldninga til det å lese nynorsk.

Desse svara kan koplast vidare til svara på tre spørsmål om haldningar til innvandrarar. Her fekk svararane presentert to ulike utsegner, og spørsmålet var kva for ei av utsegnene dei var mest samde i. Det første spørsmålet gjaldt utsegner om at innvandrarane yter sitt til eit større kulturelt mangfald i Noreg, eller at skikkane deira kan bli ein trussel mot norsk kultur. Det andre gjaldt utsegner om at innvandrarane er arbeidssame folk som yter verdfulle bidrag til norsk økonomi, eller at dei utnyttar velferdsordningane våre og får del i gode dei sjølve ikkje har vore med på å skape. Det tredje spørsmålet var om dei liker eller misliker at vi har fått muslimske trussamfunn i Noreg.

Tabell 4 syner at den allmenne velviljen overfor innvandrarane er størst når det gjeld kulturelt mangfald generelt, at den minkar kraftig når det blir tale om økonomi og velferdsgode, og at den er minst når det er tale om at nye religiøse institusjonar tek form i Noreg, så som muslimske trussamfunn. Desse haldningane varierer mykje alt etter kva syn vedkomande har på nynorsk. Dei som liker godt å lese nynorsk, er meir positive enn gjennomsnittet, mens dei som ikkje kan tenkje seg å lese nynorsk, er blant dei mest negative.

Tabell 5 syner korleis haldningane fordeler seg geografisk blant dei som er mest positive til å lese nynorsk. Dei av desse som bur i dei fire vestlandsfylka frå Rogaland til Møre og Romsdal, er i alle tre tilfella meir positive til innvandrarar enn landsgjennomsnittet er. Men dei som er positive til nynorsk og bur i andre delar av landet, er klart meir positive enn vestlendingane.

Tabell 6 syner korleis haldningane fordeler seg geografisk blant dei som er mest negative til nynorsk. Dei av desse som bur på Vestlandet, er ein tanke meir positive til innvandrarane enn dei som bur andre stader i landet.

Eit eintydig mønster kjem til syne. Det seier ikkje noko om årsaker, men det syner eit klart samanfall mellom kulturelle oppfatningar. Etter dette gir tre konklusjonar seg sjølv.

For det første: Dei som er positive til nynorsk, er også meir positive til innvandrarar enn dei nynorsk-negative er. Jo meir positive dei er til nynorsk, jo meir positive er dei også til innvandrarar (sjå figur 4).

For det andre: Særleg dei nynorsk-positive i fylke utanfor det nynorske kjerneområdet er mykje meir innvandrarvennlege enn dei i desse områda som er negative til nynorsk.

For det tredje: Ikkje uventa er haldningane til at det no finst muslimske trussamfunn i Noreg, meir negative i dei nynorske kjerneområda enn i resten av landet. Her blir etablerte norske kulturmønster altså særleg sterkt utfordra.

Med dette har ikkje eg sagt at alle nynorsk-positive bokmålsbrukarar eller at alle nynorskbrukarar er positive til innvandrarane si rolle i det norske samfunnet. Særleg tala for vestlandsfylka tyder på at det er ein god del nynorskbrukarar som er skeptiske, kritiske eller avvisande til innvandrarane. Du blir nok ikkje eit betre menneske berre ved å bruke nynorsk. Elias Blix forstod det religiøse behovet i si tid og det kulturelle grunnlaget for dette. På same måten må vi forstå dei kulturelle sidene ved innvandringa.

Samstundes syner desse tala noko som ofte blir oversett. Per Bjørk Rekdal er inne på noko svært viktig når han skriv at ”ofte er en begrenset selvforståelse vel så viktig i dannelsen av fordommer som mangel på konkrete kunnskaper om andre”. Vi kan nok gå ut frå at ein del nynorskbrukarar rundt om på Vestlandet har sine fordommar i orden fordi dei har lite kontakt med innvandrarar. Heller ikkje kan vi sjå bort frå at all motviljen mot nynorsk også har verka negativt inn på den kulturelle sjølvforståinga deira.

Bortanfor all tvil dokumenterer undersøkinga Norsk Monitor at språkleg toleranse heng saman med kulturell toleranse. Det må både innvandrarar og nordmenn merke seg. Difor: Bruk ikkje innvandrarargumentet mot nynorsken!

Overføring av argument frå andre arenaer
Når innvandrarar er spørsmålet, blir svara mange. I diskusjonane kan argument frå arenaer vi alt har røynsle frå, kome godt med.

Ein slik arena gjeld forholdet mellom nordmenn og dei nasjonale minoritetane. I dag er det mange som har teke inn over seg situasjonen for dei etniske minoritetane samar og kvener. Alta-saka kring 1980 munna ut i ein demning, men den demninga opna for ei ny tid for samisk kultur. For førti år sidan var det lite innsiktsfullt å finne i sentrale norske skrifter om samisk og kvensk kultur, og om den fornorskingspolitikken som var blitt ført. Ein av dei få stadene var nettopp utgreiinga Målreising 1967: «Den norske minoritetspolitikken andsynes samane og finnane har vore ein hard og konsekvens assimileringspolitikk av slik karakter at dei fleste ville styggjast dersom det hadde gått føre seg i eit anna land.»

Finnane, eller kvenane som dei sjølve kallar seg, var finsktalande innvandrarar som kom til Nord-Noreg, særleg frå 1700-talet. Mange av dei var flyktningar frå Den store nordiske krigen som tok slutt i 1721. For få år sidan inviterte Nordnorsk kvenforbund representantar frå Noregs Mållag til ein konferanse i Nord-Troms. Dei ønskte å høyre meir om målrørsla sine røynsler med å nå fram gjennom ulike politiske kanalar, og ville gjerne lære av det målrørsla hadde oppnådd. Slike samtalar burde målfolk føre med fleire minoritetar.

Ein annan arena er skulen. Røynslene derifrå har helst motsett forteikn. I 2000 tok byrådet i Oslo initiativ til ei prøveordning med fritak for obligatorisk skriftleg undervisning i nynorsk som sidemål. I det ordskiftet som då oppstod, skauv både SV- og H-politikarar innvandrarane frå andre land framfor seg i debatten. Dei viste særleg til at 32 % av elevane i hovudstaden har framandspråkleg bakgrunn. Argumentasjonen var blitt personifisert gjennom avisoppslag over lengre tid. Dansk-pakistanske Ghazala Naseem kom til Noreg i 1986, og meinte sjølv ho meistra norsk godt. «Men nynorsk klarer jeg ikke.» Det var det nokon som merka seg. Frå og med 1998 kunne lærarhøgskulane frita lærarstudentar med norsk som andrespråk frå sidemålsundervisninga. Til desse blei det då berre stilt krav om eksamen i éi målform. Ei av dei som då alt var i gang med si lærarutdanning, var iranske Shahin Homayoun. Ho makta ikkje å fullføre allmennlærarutdanninga: ”Det var så mange ord jeg måtte slå opp på bokmål. Å gå i gang med nynorsk ble for mye for meg.” Karin Andersen (SV) tok opp saka i spørjetimen i Stortinget og ville vite om departementet ville frita også lærarstudentar som alt var i gang? Statsråd Jon Lilletun svara ja utan atterhald. Han ville også opne for å ettergi slike studentar som alt hadde avslutta lærarutdanninga si, men ikkje hadde greidd eksamen i begge målformene.

Vi veit mykje om all den motvilje delar av lærar-Noreg har retta mot undervisninga i nynorsk som sidemål. No ser vi tendensar til at denne motviljen og nokre av dei mest typiske argumenta blir overførte til undervisninga i norsk som andrespråk. I nynorskkommunen Suldal seier ei kvinne som underviser mange av utlendingane: «Eg meiner det er tull å dra eit lite mindretal som utlendingane inn i språkkampen. Å lære eit nytt språk i vaksen alder er ein unaturleg og vanskeleg prosess. Nynorsk har fleire bøyingsformer enn bokmål, og er såleis vanskelegare å lære.» Ytringa inneheld to mytar og ei sanning.

Det er sant at ein sjeldan lærer seg eit anna språk fullkome etter at ein er 16-18 år gammal. Det er ein myte at utlendingar blir dregne inn i den norsk språkstriden berre dersom dei skal lære nynorsk, ikkje viss dei skal lære berre bokmål. Likeins er det ein myte at nynorsk er eit altfor vanskeleg språk for utlendingar. Ein annan person ved vaksenopplæringa i Suldal kjem med ein tredje myte: «Dei aller fleste elevane me har nå, kjem til å få bruk for bokmål.»

På denne måten blir argumenta frå den indrekulturelle sidemålsdebatten overført til den ytrekulturelle integreringsdebatten, som var det tale om parallelle eller identiske situasjonar. Det er bra at lærarane vil delta i dei allmenne kulturpolitiske ordskifta, men då må dei sikre seg at grunnlagsinformasjonen deira held. Kvart år flyttar ein halv million nordmenn frå ein stad til ein annan. Difor er det ingen i dette landet som veit kva for ei målform Afshan eller Kari vil få bruk for om fem år.

Ikkje alle dyrkar sine fordommar. Nokre lærarar i Drammen denne situasjonen med opne hender. Ved Fjell skole i Drammen er 70 % av elevane tospråklege. Lærarar ved skulen fortel at innvandrarelevane deira synest det er vanskeleg å lære nynorsk fordi det er eit nytt språk for dei og fordi dei lett blandar med bokmål, men viser til at dette ville vere annleis viss dei budde i område med nynorsknær dialekt.

Eg synest mange høgare utdanningsinstitusjonar har svikta nynorskbrukarane i denne saka og gjort mange innvandrarar ei bjørneteneste. Ingen av dei høgskulane som soknar til dei nynorske kjerneområda, har gjort nok for å utvikle ein pedagogikk i norsk som andrespråk som kjem innvandrarar til nynorskområde godt nok i møte. Både i Bø i Telemark, i Sogndal og i Volda blei det skipa høgskular for at verdiar som mellom anna kan knytast til den nynorske skriftkulturen, skulle sikrast akademiske posisjonar og framgang i samfunnet. Historia forpliktar! Mangelen på læremiddel har vore skrikande. Lite av nytenkinga i sidemålspedagogikken skriv seg frå høgskulane. Same mønsteret gjer seg gjeldande for innvandringspedagogikken. Der kjem handfaste nyvinningar frå Gloppen Opplæringssenter på Sandane. Før 2003 er omme, kan det internasjonale dataforlaget CyberBook dermed tilby valfri norskopplæring på bokmål eller nynorsk, med ordlister på Internett for heile 28 ulike språk.

Uønskte og nødvendige alliansar
Nynorskbrukarane er i mindretal i både hovudstaden og Noreg. Men vi er ikkje viljuge til å gi slepp på våre språklege og kulturelle rettar for at eit anna mindretal og ein stor minoritet skal få sine rettar oppfylt. Det er då heller ikkje nødvendig. Viss nokon må gi avkall på noko, er det fleirtalet som må gjere det, ikkje eitt av fleire mindretal. Bokmålsmakta i Norge har mykje å lære av nynorsk-Noreg i spørsmål som vedrører mindretalets kulturelle rettar, plikter og behov, anten det mindretalet er fødd i Noreg eller ikkje. Dermed har eg ikkje sagt at kvar einaste nynorskbrukar er meir tolerant enn kvar einaste bokmålsbrukar. Eg snakkar altså om kulturelle tendensar, ikkje individuelle særtrekk.

Vi må ikkje trø feil og tru at den eine innvandraren er den andre lik. Det største opphavslandet for innvandrarar til Noreg er Pakistan. Eit fleirtal av desse pakistanarane kjem frå ein språkleg minoritet i heimlandet som truleg kan reknast som ein eigen kultur. Deira røynsler kunne ha stor interesse for oss. Etter kvart finst det også grupper av innvandrarar som er svært ressurssterke og har raskt har lært seg å operere innanfor det gjennomorganiserte norske samfunnet. Frå nokre av desse miljøa kjem det no røyster som prøver å snu den språklege reiskapstenkinga mot oss.

Manuela Ramin-Osmundsen er dagleg leiar ved Senter mot etnisk diskriminering; frå november er ho nestsjef i Utlendingsdirektoratet. Våren 2002 kritiserte ho at Kommunal- og arbeidsdepartementet ville leggje fram lov mot etnisk diskriminering på nynorsk. Ho gjorde seg bryet med å streke under at ho ikkje var mot nynorsk, men hevda at ein lovtekst på nynorsk var å skape ein barriere i kommunikasjonen mellom styresmakter og innvandrarar. Og så kom det, som eit snikande ullteppe kom det: «Det burde ikke overraske departementet at minoritetsbefolkningen stusser litt over valget av nynorsk i den kommende loven, når det samtidig brukes ekstra ressurser på å holde nynorsken ved like i egen administrasjon.» Jo takk, vi har høyrt det før: nynorsk er ein meirkostnad.

Frå ein annan kant kjem utsegner av den lumske og lumre sorten. Då nynorskskrivande Oddbjørn Leirvik gav ut den idéhistoriske framstillinga Islamsk etikk, framheva han i eit avisintervju at han hadde skrive boka både for muslimar og kristne. Då, sa Dagbladet-journalisten Peter Normann Waage som har profilert seg gjennom tekstar om kulturell toleranse og avsløring av mytar og rykte, då skulle du vel ikkje ha skrive boka på nynorsk? Og la til: «Ryktene sier at foreldre oppretter nynorskklasser i Oslo øst, for ikke å få innvandrerbarn i den.» Slik kan reine rykte, utan rot i anna røyndom enn journalistens eigne fordommar, bli kolporterte som sanningsgivande premissar i ein samtale som gir seg ut for å vere opplyst.

Viss vi blir nøydde til å leggje saman dette, kan vi kome til å skimte noko som kan bli den mest vanheilage alliansen i nyare norsk kulturhistorie: individualistiske kulturradikalarar, ressurssterke innvandrarar og liberalistiske høgrepopulistar. Vi veit no at dei som har lite til overs for innvandrarar, generelt også har svært lite til overs for nynorsk. Det finst politiske miljø her til lands som i fleire tiår har bygt opp si tilslutning i eit nøye samspel med rådande, men skiftande oppfatningar om innvandring til Noreg. Desse miljøa kan sjå seg tente med å utnytte også denne situasjonen. Gjer dei det, risikerer dei å leggje grunnlaget for politiske alliansar som ber i seg ei uoversiktleg kraft, og opne for ein uverdig politisk dragkamp. På ny gjeld det å skape alliansar mellom breie lag og intellektuelle, liksom då skulekrinsane skulle gjerast nynorske.

Situasjonen for innvandrarane er ei kraftig påminning om at det ikkje er nok å møte ein skriftkultur gjennom massemedia og at ein skriftkultur høver dårleg for berre munnleg omgang. Innvandrarar og nordmenn kan like eller mislike at dei no lever i ein språkkløyvd norsk kultur, kløyvd mellom to jamstelte norske språk, påverka av kulturimpulsar frå gamle og nye etniske minoritetar. Dette kan ein mislike, men ein må godta at slik er det. Med det er ikkje alt sagt om kva som er rimelege krav å stille til nynorskbrukarar, til bokmålsbrukarar og til innvandrarar.

Landsmål og riksmål, eller bokmål og nynorsk, blei jamstelte i 1885. Det vil ikkje seie at dei verken då eller seinare var ”jamsides og like”. Eg trur den nynorske viljen til språk ber i seg erfaringar som store innvandrargrupper ville ha både stort utbytte av å studere. Vi vil på vår side gjerne dele våre røynsler med innvandrarane. Vi veit noko om fleirtals-Noreg som fleirtals-Noreg ikkje sjølv vil eller kan fortelje dei. Nynorskbrukarar utgjer eit stort mindretal i Noreg. Innvandrarane utgjer ei rekkje etniske minoritetar i Noreg. Dette mindretalet og desse minoritetane må no snakke saman og hindre at dei spelar seg ut mot kvarandre. Dei som no kjem til landet, treng fleire allierte. Vi som har vore her ei tid, treng også allierte. Vi treng meir kunnskap om dei; dei treng meir kunnskap om oss.

Ut frå dette vil Nynorsk kultursentrum invitere til den første nasjonale dialogkonferansen for brubygging mellom nynorskbrukarar og innvandrarar, i Ivar Aasen-tunet 2003.

Eit fleirkulturelt mangfald
Moltke Moe har fått æra for å setje fram tanken om det han kalla eit samnorsk språk. Den meininga bygde på eit kulturideal som i dagens språk kunne kallast kulturell pluralisme: Kulturen for framtida skulle vere mangfaldig, ikkje uniformert, og ville dermed krevje stor gjensidig toleranse. 1900-talet har lært oss at målet om eitt språk ikkje er nokon nødvendig føresetnad for tanken om kulturelt mangfald.

Mangfald er eit politisk nyord frå 1960-åra. SF talte i 1962 om «individets mangfold», Venstre to år etter om «et samfunn med rommelighet og mangfold». Ordet blei gjerne knytt til næringsliv, men hadde nok også ei kjelde i dei innsiktene økologien gav på 1960- og 70-talet. Det naturlege mangfaldet i eit økosystem blei til eit sosialt og kulturelt mangfald i det menneskeskapte samfunnet. Utover i 1980-åra blei mangfald eit politisk honnørord som etter kvart helst høyrde heime i kulturlivet.

Eit språkleg mangfald er nesten alltid uttrykk for andre skilnader i og mellom menneskegrupper, skriv Johannes Nymark. Det som gjerne blir omtalt i positive vendingar, som eit mangfald, kan altså innebere både svake og sterke motsetnader mellom slike grupper. Den positive overflata av myldrande og mangfaldig kulturliv kan løyne både urettferd og undertrykking.

Mangfald er ikkje noko synonym for pluralisme. Kjartan Fløgstad har argumentert presist for at pluralisme kan tyde einsretting. Ti år før TV2 blei opna, peikte han på at 24 reklamefinansierte tv-kanalar ikkje gir 24 ulike programtilbod. Dei gir i staden 24 tilbod som er identiske. Livet med reklame-tv i Noreg har nok synt at det ikkje er fullt så enkelt. Likevel har vi fått merke tyngdekrafta frå mediemarknaden.

Når forholdet mellom norsk kultur og innvandrarkulturar skal diskuterast, blir gjerne norsk kultur framstilt som ei homogen eining utan noko indre kulturelt mangfald. Ein vanleg inndeling blir dermed den norske majoriteten, det samiske urfolket, nasjonale minoritetar av typen kvenar og romani, og innvandrarar. Uttrykka fleirkulturell og kulturelt mangfald blir gjerne brukte som synonym i slike framstillingar. Viss vi oppfattar også norsk kultur som mangfaldig, kan det truleg gi meining å skilje mellom kulturelt mangfald og fleirkulturelt mangfald.

For at kulturelt mangfald skal ha verdi, må det altså dreie seg om eit positivt kulturelt mangfald. Det inneber å møte kulturar du ikkje kjenner, og samstundes bli møtt med respekt. Vidare føreset mangfald eit ikkje-hegemonisk forhold mellom ulike kulturelle uttrykk. Det vil ikkje seie det same som at alt er like viktig eller uviktig. Ei slik forståing ville verke tilslørande på dei kulturelle maktstrukturane. I det ikkje-hegemoniske mangfaldet er der både dynamikk og spenningar. Mangfald er resultatet av ulike sosiale referansar og preferansar. I møtet med innvandrarane må vi bruke alle våre røynsler frå den språkkløyvde norske kulturen og frå samkvemmet med dei nasjonale minoritetane samar og kvener.

Kort sagt: Mangfald føreset konfliktar som fremjar positive samfunnsendringar. Viljen til språk rommar ein slik konflikt. Språkstriden, skriv Fløgstad, ”har mykje av æra for at den norske kulturtradisjonen har vore prega av kamp, og ikkje av pluralisme”. Då må ikkje ideen om mangfald bli eit vått ullteppe som kveler den minste glo.

I dette ligg også at mangfald føreset så vel institusjonelle som formelle og uformelle møteplassar. Kanskje er skulen den viktigaste av desse møteplassane. Skulen er arenaen der desse mangfalda ovrar seg. Karin Andersen har heilt rett når ho peikar på skulen som den viktigaste arenaen for at det norske samfunnet skal lykkast med det ho kallar «det flerkulturelle prosjektet». Men korleis skal lærarar utan kompetanse i begge målformene greie seg om dei får tilbod om stilling ved Skei skule i Jølster? Norsk skule vil bli endå meir språkdelt det komande tiåret enn tilfellet har vore i seinare tid. Den vil også bli endå meir kulturdelt. Åleine grunnskulen er i ferd med å bli meir delt på kryss og tvers enn tidlegare. Er vi då i lengda tente med ordningar som sementerer både den geografiske og den mentale avstanden mellom nynorskbrukarar og innvandrarar?

Forholdet mellom innvandrarkulturar og nynorsk låser seg på eitt punkt. I dei tretti åra vi har hatt ei jamn innvandring frå ikkje-vestlege land, har dei fleste av desse innvandrarane samla seg i landskapet kring Oslofjorden. I det same tidsrommet er truleg ein større del av nynorskbrukarane blitt konsentrerte om dei fire vestlandsfylka. Ein innvandrarghetto på Austlandet og ein nynorskregion på Vestlandet gir eit dårleg grunnlag for kulturelle møteplassar mellom desse gruppene. Det finst i dette landet sterke grupper som ønskjer at nynorsk skal vere mest mogleg umerkande i området rundt Oslofjorden og i dei riksinstitusjonane som der held til. Får desse det som dei vil, ryddar dei samstundes grunnen for kimar til kulturkonfliktar som ikkje vil bli oppfatta som bidrag til eit positivt fleirkulturelt mangfald. Innvandrarane må altså få møte det nynorske, og nynorskbrukarane må få møte innvandrarkulturane.

Tala frå Norsk Monitor syner at mange nordmenn har lært noko om kulturell toleranse. Eg er viss på at røynsla med den språkkløyvde norske kulturen her har vore verdfull. Den nynorske skriftkulturen vore med på å skape eit positivt kulturelt mangfald i Noreg Når fleirtalet har lært for lite om denne kulturelle toleransen, er det ikkje mindretalet som skal lastast. Samstundes er det tydeleg fleire som er tolerante i kulturelle spørsmål enn når det blir tale om kroner og arbeidsplassar og velferdsgode. Den kulturelle toleransen er lite verd viss den blir isolert og lausriven frå ein allmenn og gjensidig toleranse. Men kva er det vi ikkje skal tolerere?

Vi snakkar gjerne om mangfald i eintal, om eitt kulturelt mangfald. Kanskje bør vi heller forstå Noreg som eit samfunn av fleire kulturelle mangfald, eller eit mangfald på fleire nivå, som dannar seg i møtet mellom det indrekulturelle og det ytrekulturelle. Det var det indrekulturelle mangfaldet Elias Blix var med og skapte. No gjeld det å sameine det indrekulturelle og det ytrekulturelle, utan at nokon av mindretala taper.

Viljen til språk må takast med i alle resonnement om kulturelt mangfald og i alle kulturpolitiske handlingsplanar. Til no har drøftingane av kulturelt mangfald hatt som grunnlag at norsk kultur er einskapleg. Då blir viktige indrekulturelle forhold og motsetnader borte. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland har sjølv streka under at nynorsk er meir enn eit språk. Den erkjenninga vil få interessante følgjer når ein politikk for fleirkulturelt mangfald skal formast og gjennomførast. Den nynorsk skriftkulturen må difor inkluderast i alle komande diskusjonar om fleirkulturelt mangfald. Språk heng saman med kultur. Kultur heng saman med bruk, som skrivande, lesande og lyttande menneske, anten ein kjem frå New Dehli eller Gamlebyen.

Slik sluttar årstale nummer to om tilstanden for nynorsk skriftkultur.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no