Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubelmålstemna på Stord

 (25.09.2002)

01.10.02. Nynorsk framtid – kva no?
Stord Mållag feirar hundresårsjubileum med Nynorsk skriftsmålstemne på Stord. Få med deg viktigaste målstemna i haust!

Fredag 1. november
2000: Ola Breivega: Kvifor er målfolk so dumme? Tal av hjartans lyst – som du lystar – men skriv nynorsk!
Ei kritisk uppgjerd med rådande talemålsdialektikk i nynorsklandet.

2045: Sylfest Lomheim: Nynorsk framtid? Kva kan eg vita? Kva skal eg gjera? Kva torer eg vona på?

Ordskifte – og kveldsæte og lauslivnad. Humor frå lygarbenken.

Laurdag 2. november:
0900: Rolf Theil Endresen, professor i almenn og afrikansk lingvistikk: Målreising – på kva grunnlag? Identitet – eit spursmål um blodsband eller val av framtid?

1000: Dag Jørund Lønning, sosialantropolog: Nynorsk – bygdenoregs salslogo?
Um lokal, regional og nasjonal identitet i eit globalt hamskifte.

1230: Dugurd

1330: Lektor Jon Hustad: Skulen som forsvann – og kulturen og samfunnet som ramlar i hop.

1600 – 1700: Kvild

1700: Etter at samnorskparagrafen no er daud og gravlagt av stortinget: Kva no?
Erik Haugan: Tannkremen attende på tuben? Um realisme i vølings- og odlingsarbeidet.

Klaus Johan Myrvoll: Kvifor ikkje aasenmålet i sin beste skrud? Her trengs storreingjering! (Ja til ei storvøla!).

2030: Festmiddag. Festtale av stortingsrepresentant Inge Lønning. Rikt kulturprogram.

Sundag 3. november:
Forfattarane entrar podiet i rekkje og rad:
0900: Karsten Alnæs: Høyr no her! Tak til vit! Tankekorn frå sidelina.

Karin Sveen: Språk og dannelse – en klassereise? – og en frigang?

Lars Amund Vaage: Drep meg herre konge, men ikkje med graut! Skal nynorsk vera eit kjærleg framelska litteraturmål eller ein stendug uppdatert filologisk statusrapport um talemålsutviklinga i Noreg?

Solveig Aareskjold: Kyss meg i diskursen. Um å hoppa i høyet i nynorsklåven.

Johannes Gjerdåker: Nynorsk – ein ståstad i verda?

1200: Dugurd

1330: Ordskifte

1500:Slutt!
Praktiske opplysningar

Konferansestad: Norlandia Grand Hotell, Stord
Prisar:
Deltaking heile helga, inkludert mat:
1100,- per person i dobbeltrom
Tillegg for enkeltrom: 150,- per natt
Deltaking heile helga utan overnatting: 800,-
Deltaking berre laurdag: 400,-

Påmelding:
Send e-post til hege.myklebust@nynorsk.no

Meld frå om du ynskjer å delta
på heile konferansen, i dobbeltrom (1100,- per pers)

på heile konferansen, i enkeltrom (1400,-)

på heile konferansen utan overnatting (800,-)

på deler av konferansen utan overnatting (400,-)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no