Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag har to ledige stillingar

 (20.09.2002)

Melding. 20.09.02. Stillingane kan kombinerast til ei 100 % stilling. Noregs Mållag søkjer etter allsidige, kreative, ryddige, sørvisinnstilte og fleksible personar som ønskjer å arbeide med:
Vestlandsskrivar 50 %
· Organisasjonsbygging / -styrking på Vestlandet ved å gjennomføra utettervende arbeidsoppgåver og større prosjekt
· Organisasjonsutvikling og planarbeid
· Verving
· Inntektstiltak

Kontorstad Bergen


Skulemålsskrivar 50 %
(kan seinare verta utvida til 100 %)
· Oppfølging av røystingar om skulemålet
· Oversyn over lovverk
· Rettleiing og informasjon til foreldre om opplæringsmål i skulen
· Sidemålsopplæring
· Forsøksverksemd
· Nynorske lærebøker

Kontorstad Oslo, evt. Bergen i komb. med den andre stillinga.

For båe stillingane gjeld:

Du bør ha relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå organisasjonsarbeid. Arbeidet krev evne til sjølvstendig arbeid, og fører med seg ein god del reising.

Alle medarbeidarane må dessutan vere budde på å ta andre oppgåver når det er naudsynt.

Stillingane samarbeider nært med dagleg leiar, informasjonskonsulent og organisasjonskonsulent.

Stillingane er i dag plasserte i lønsramme 17 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål må sendast til Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo, innan 26. september 2002.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Gro Morken Endresen på telefon 22477100 eller på e-post: gro.morken@nm.no, eller leiar Vidar Lund på telefon 40211624 eller på e-post: vidar.lund@nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no