Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kampanje: Ungdomskultur (tm)

 (18.09.2002)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 18.09.02. Norsk Målungdom starta i dag kampanjen Ungdomskultur™ med å byggja ein «Einsrettingsmaskin» i Oslo sentrum. Med kampanjen vil organisasjonen få fram motsetnaden mellom den verksemdsstyrte ungdomskulturen reklamen og underhaldningsindustrien tilbyr og ein ungdomskultur som ungdom skaper sjølve.

– Ungdomskulturen™ gjer oss til passive forbrukarar der det viktigaste valet er om me vil gå med Lee eller Diesel. Me vil ha meir å velja mellom! Difor har Norsk Målungdom kampanjen Ungdomskultur™, seier Unn C. Fyllingsnes i sentralstyret til Norsk Målungdom

– Me vil at ungdom skal ta stilling, og velja om ein vil godtaka einsrettinga eller arbeida for mangfald. Det som skaper mangfald er at ein har tru på eige språk, heimstad og tradisjonar, i staden for å leggja seg flat for amerikaniseringa. Å snakka dialekt og bruka nynorsk syner at ein ikkje legg seg flat, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.

Kampanjen varer frå 18. september til 10.november og det vert aksjonar og markeringar over heile landet. Målungdomar ymse stader kjem mellom anna til å «merka» reklamar og andre symbol på ungdomskulturen™ med strekkode. Norsk Målungdom skal òg dela ut to prisar i kampanjen, ein til ein einsrettar og ein til nokon som står for eit alternativ til Ungdomskulturen™.


For meir informasjon, kontakt
Norsk Målungdom: 22 42 63 00
Gudrun Kløve Juuhl, leiar: 92 84 83 60
Unn C. Fyllingsnes: 97 97 12 11

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no