Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkleg valfridom er eit offentleg ansvar

 (09.09.2002)


Lesarbrev. 09.09.02. I Noreg har vi to jamstelte mål, nynorsk og bokmål. Alle som går gjennom grunnskulen og den vidaregåande skulen skal lære å lesa og skrive båe to. Av mange blir dette oppfatta som noko herk. Vi forstår kvarandre her i landet, same kva språk vi skriv. Kvifor skal ein vera nøydd til å lære det andre språket?

Nynorsk og bokmål står i kvar sin tradisjon. I over 100 år har styresmaktene prøvd å slå saman dei to språka, men ikkje lukkast. Grunnen er at språka har så ulike kulturar og tradisjonar knytte til seg at dei ikkje kan slåast saman ved hjelp av byråkratiske vedtak. No har endeleg regjeringa gått inn for å fjerne den såkalla samnorskparagrafen, noko som gjer at staten aksepterer at både nynorsk og bokmål skal vera her i overskodeleg framtid.

Når staten gjer det, er det viktig at han er med og tryggjer levevilkåra for dei båe. I dag finst det mange offentlege ordningar som stør opp om både nynorsk og bokmål. Stønad til litteratur, aviser og teater er berre tre viktige ordningar. I dag stikk bokmålet av med godt over 90% av slik stønad, det meste gjennom momsfritak for bøker og aviser. Aviser som VG, Dagbladet, Aftenposten og Adresseavisa driv med medviten diskriminering av nynorskbrukarar, men får likevel statsstønad gjennom momsfritak. Det same gjer dei store forlaga og bokklubbane. Til saman får aviser og litteraturføremål 1,7 mrd kroner i slik stønad i året, av det får bokmålsføretaka 1,5 mrd.

Når dei private marknadsaktørane favoriserer bokmålet og diskriminerer 600 000 nynorskbrukarar slik, er det heilt naudsynt og rettvist at staten stiller opp med tiltak som hjelper nynorsken. Skal folk kunne gjera eit val mellom nynorsk og bokmål på individuelt og personleg nivå er det rett at staten legg til rette for det. I dag gjer staten det ved at han a) sikrar alle opplæring i båe språka og b) har lovfesta at det skal vera minst 25% av kvart språk i statleg forvaltning. Alle slike ordningar er språknøytrale, til dømes slik at i bokmålsskular lærer ungane nynorsk som sidemål, i nynorskskular lærer dei bokmål som sidemål. Høgskulane i Sogn og Fjordane og i Volda får kjeft frå Norsk språkråd kvart år av di dei brukar for mykje nynorsk, slik som Høgskolen i Vestfold gjer det for å bruke for mykje bokmål.

Noregs Mållag er oppteken av at skulen og det offentlege skal gje nynorsk og bokmål like tevlevilkår. Alle som er oppvaksne i Noreg er like godt i stand til å skjøne båe språka. Det er altså mogleg å gjera eit individuelt val om kva kulturtradisjon ein tykkjer er best, nynorsk eller bokmål. Ein kulturtradisjon som byggjer på dei norske dialektane i by og bygd – nynorsk – eller ein som tek utgangspunkt i dansk og som difor avviser store delar av norsk språkarv, frå Kirkenes i nord til Agder i sør

Skal folk kunne gjera dette valet må dei ha ei skikkeleg opplæring i båe måla. Ein må ha opplæring i språkhistorie, ein må lære å lesa båe språka og ein må lære å skrive båe språka. I dag er stoda den at for folk i nynorskområda er det valet meir reelt enn i bokmålsområda. Når bokmålet dominerer på riksplan, gjer det at område med nynorskdominans lokalt i røynda blir tospråklege. I område der både skule, kommune og næringsliv er bokmål blir det særs lite nynorsk å sjå, og terskelen for å velje nynorsk blir større. Det er òg som oftast folk frå desse områda som trur at dei ikkje ”treng” lære nynorsk.

Dei siste dagane har Framstegspartiet vore ute og lokka med større fridom ved å kutte ut tiltak som sikrar jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Skal ein bruke dei enkle løysingane frå Framstegspartiet og delvis Høgre tek ein ikkje berre frå ungdomane fridomen til å jobbe kvar dei vil, men òg fridomen til å velje kva kulturtradisjon ein vil høyre til og bruke. Skal ein kunne velje fritt må ein ha kunnskap om det ein vel mellom. Dersom Framstegspartiet og Høgre vinn fram med å fjerne ”tvangen” om sidemålsopplæring fjernar dei òg det frie valet av språk. Er det verkeleg ein slik kunnskapslaus skule dei vil ha?

Noregs Mållag ynskjer ein skule som set folk i stand til å velje både kulturtradisjon og framtidig yrke på grunnlag av kunnskap, ikkje fordommar. Veks ein opp på Toten eller Groruddalen har ein krav på ei utdanning som set ein i stand til å velje kulturtradisjon og som set ein i stand til å jobbe kvar som helst i Noreg. Staten har ansvar for å sikre språkleg valfridom, oppgåva til Noregs Mållag er å få folk til å velje nynorsktradisjonen bygd på folkestyre, folkekultur og språket åt folk flest.

Vidar Lund
leiar i Noregs Mållag

Vidar Lund
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no