Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Modig gjort av Valgjerd Svarstad Haugland

 (28.08.2002)

Pressemelding frå Kringkastingsringen 28.8.02

– Kringkastingsringen vil gje honnør til statsråd Valgjerd Svarstad Haugland for motet ho har vist i saka om samanslåing av distriktskontor i NRK. Med standpunktet ho har teke, går ho imot den urbane vanetenkinga i spørsmål om kultur, identitet, språk, dagsorden i journalistikken, stoff-formidling, arbeidsplassar og sjølvkjensle utanfor storbyane, seier styreleiar Unn Aarrestad i Kringkastingsringen.

– Vi ser handlinga til kulturministeren i direkte samanheng med det faktum at styret i NRK er lite representativt og distriktsinteressene er dårleg representert. Det er ikkje minst verdt å merke seg kva representantane for dei tilsette i NRK-styret har sagt og det sterke lokale engasjementet i denne saka, held Aarrestad fram.

Den politiske styringsmekanismen ein har til rådvelde i NRK-saker, trengst når ein vil løfte ei sak opp på eit prinsipielt og politisk plan. Derfor må Stortinget drøfte saka. Når eit styre ikkje har godt nok innsyn i kva eigaren ønskjer, er det rett og rimeleg at generalforsamlinga grip inn og overstyrer. Det er forskjell på ein riksdekkjande allmennkringkastar og ei tilfeldig bedrift som har som hovudmål å gje god avkasting til aksjonærane. NRK opererer under ein større himmel enn som så.

Aarrestad peikar vidare på parallellane til den situasjonen vi opplevde i 1983 då regjeringa, og seinare Stortinget, etter initiativ frå Høgre-kulturministeren Lars Roar Langslet, tok initiativet til at P2-redaksjonen i NRK skulle flyttast til Trondheim. Også dette var sterkt imot NRK-leiinga sitt ønske. Sjølv om NRK no har ei anna styreform, er det ikkje unaturleg at den politiske leiinga igjen grip inn i ei så prinsipiell og viktig sak, avsluttar styreleiar Aarrestad.

For meir informasjon:
Unn Aarrestad (styreleiar), tlf. 975 62 035
Knut E. Karlsen (dagleg leiar), tlf. 908 77 487

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no