Pressemelding frå Studentmållaget i Oslo. 27.08.02.
1. oktober går søknadsfristen ut for ein nyskapning i norsk prisflora: Nynorsk fagbokpris.
Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget har teke initiativ til prisen på kr 100.000, som skal gå til beste opplegg for ei nynorsk fagbok for høgre utdanning. Boka kan gjevast ut på kva forlag som helst.
Utdelinga blir på årsmøtet til Studentmållaget i Oslo i februar 2003.
For meir informasjon:
Ragnhild Bjørge, tlf. 900 73 491
Beate Homlong, tlf. 22 70 78 27