Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget nøgd med kulturministeren i NRK-saka

 (27.08.2002)

Pressemelding. 27.08.02. - Eg er særs glad for at Valgerd Svarstad Haugland sette ein stoppar for styrevedtaket om å leggje ned den redaksjonelle leiinga ved fire distriktskontor, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

- Høyringsfråsegna frå NRK Sogn og Fjordane synte klårt at utrekningane frå NRK-leiinga ikkje heldt mål.

Noregs Mållag meiner at det trengst eit sjølvstendig distriktskontor i Sogn og Fjordane for å utvikle nynorskjournalistar.
- Lovnadene frå NRK-leiinga om at dei skal «arbeide for å opprette eit nynorsk kompetansesenter» er særs
lause, understrekar Lund. - Det beste nynorske kompetansesentret NRK kan ha er eit distriktskontor som har så godt som 100 % nynorskbruk kvar dag under leiing av ein eigen redaktør.

NRK Sogn og Fjordane har allereie fleire oppgåver enn sine eigne sendingar, til dømes barnefjernsyn.
- NRK Sogn og Fjordane må heller utvidast og få fleire oppgåver innan NRK i staden for å bli eit underkontor av Bergen, avsluttar Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no