Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Overleverte underskrifter til kringkastingssjefen

 (22.08.2002)

Melding. 22.08.02. - Vi fryktar at samanslåing av NRK Sogn og Fjordane med NRK Hordaland vil føre til at dekkinga av saker frå fylket vårt vil få lågare prioritet, sa Kristen Hundeide, då han overleverte 11 400 underskrifter mot samanslåing til John G. Bernander på torsdag.

Etter ein hektisk sommarkampanje i Sogn og Fjordane kunne Kristen Hundeide, ordførar i Eid kommune og Trude Brosvik, ordførar i Gulen kommune og Erling Sande frå fylkestinget overlevere underskrifter frå over 10 % av innbyggjarane i Sogn og Fjordane, mot nedlegging av NRK Sogn og Fjordane som sjølvstendig distriktskontor.
- Eg skal ta med meg desse signala i den vidare handsaminga i styret, sjølv om innstillinga mi ligg klar, sa kringkastingssjef John G. Bernander.

Engasjement frå Sogn og Fjordane
- Eg kjenner vekta av begeistringa for distriktssendinga og det skal eg ta med meg, sa John G. Bernander.
- Det er slett ikkje sikkert det hadde vore eit slikt engasjement for distriktskontoret om NRK Sogn og Fjordane allereie hadde blitt styrt frå Bergen, repliserte Trude Brosvik. Ho la òg vekt på nynorskkompetansen hjå NRK Sogn og Fjordane.
- Vi tykkjer det er bra at NRK ønskjer å opprette eit nynorsk kompetansesenter hjå NRK Sogn og Fjordane, men vi trur at dette får svært liten verdi om redaktøransvaret vert flytta og dei som sit på pengesekken vert plasserte i Bergen, slo Trude Brosvik fast.

Trur på siger
Trude Brosvik frå KrF og Erling Sande frå Sp trur framleis det er mogleg å vinne kampen om distriktskontora.
Kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland har tidlegare gått ut og sagt at ho ønskjer ei politisk handsaming av denne saka og at distriktskontora til NRK er viktige for heile landet.
- Eg trur kulturministeren meiner noko med det ho har sagt og at ho ikkje vil gå tilbake på det, seier Trude Brosvik som i tillegg til å vere ordførar er medlem av sentralstyret til KrF.
I sommar kom framlegget frå NRK-leiinga om å redusere talet på distriktskontor frå 17 til 11. Denne rammar spesielt Finnmark og Sogn og Fjordane der framlegget er å fjerne det sjølvstendige redaktøransvaret frå desse distriktskontora. På måndag skal saka opp i styret i NRK.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no