Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sju forlag svik elevane - Gyldendal toppar Svartelista

 (19.08.2002)

Pressemelding. 20.08.02. – Me fryktar at fleire tusen elevar i vidaregåande skule må bruka ulovlege lærebøker i haust, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag har lansert Svartelista – eit oversyn over lærebøker i den vidaregåande skulen som berre kjem på bokmål, og difor er ulovlege å bruke. Det er heile 45 titlar på lista.

– Sju forlag har gjeve ut lærebøker som berre ligg føre i bokmålsutgåve, og Gyldendal toppar lista med 26 titlar, opplyser Gudrun Kløve Juuhl.

– Det er alvorleg at utdanningsdepartementet opprettar nye studieretningar utan å syta for noko så grunnleggjande som lærebøker på nynorsk. På VKI Media og kommunikasjon og Sal og Service finst det ikkje lærebøker på nynorsk til skulestart. Her står elevane makteslause og må lida for at staten og forlaga skuldar på kvarandre og fråskriv seg ansvar, påpeikar Gudrun Kløve Juuhl.

Kravet om at alle lærebøker som vert brukt i den vidaregåande skulen skal liggja føre på nynorsk og bokmål til same tid og pris har vore slått fast i Opplæringslova sidan 1974.

For meir informasjon:

Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom, 22 42 63 00 eller 928 48 360 (m)

Sjå Svartelista på www.nynorsk.no/svartelista

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no