Styrken til NRK er distriktskontora!
(03.07.2002)
Lesarbrev frå Kringkastingsringen. 03.07.02. Igjen er distriktskontora til NRK usikre på framtida. Kulturminister Svarstad Haugland som generalforsamling støttar NRK-leiinga. Ho kunne ha gjort noko med dette, men overlet til styret i NRK å avgjera om distriktskontora skal nedleggjast eller slåast saman. Det er hennar svar på spørsmål om distriktskontor i Stortinget.
No er styret i NRK gjenoppnemnd utan endringar i noko. Eg ville trudd det ville vore ein fordel for NRK at den desentraliserte strukturen i NRK hadde vorte meir avspegla i styret. Slik vart det ikkje. No er det viktig for styret å vera klar over at distriktskontora har svært mykje å seia for nynorsk- og dialektbruk rundt om i landet. Dette har også mykje å seia for rekruttering av journalistar til sentrale stillingar i media. Dersom ein i tillegg skal ein unngå ei svekking av distriktssendingane og distriktsperspektivet i NRK, er det avgjerande at redaktøransvaret ikkje vert sentralisert meir enn i dag.
Kva er då så farleg med dette? "Konklusjonene er trukket ut fra journalistiske behov", seier kringkastingssjef Bernander til Dagens Næringsliv den 21.juni i år. Og kulturministeren aksepterte dette som ei journalistisk opprusting, ifylgje same avis. Det forundrar meg at ikkje i alle fall kulturministeren med sine røter frå Hordaland, skjønar at dette også har med nærleik, identitet og ikkje minst med kjensla av å høyra til ein stad å gjera. Innbyggjarane føler tilknyting til området samstundes som det bind folket saman. Distriktskontora har vorte folkelege og nære knutepunkt med ein stor lyttarskare. Dessutan har NRK sine distriktskontor ei viktig språkpolitisk rolle der også dialektane spelar aktivt med.
Dette skjer i ei tid der folk i praksis har grenselaus tilgang til utanlandsk media gjennom fjernsynskanalar og der digitaliseringa i tillegg er nær foreståande med sin engelske påverknad. Dette gjer at distriktssendingane bør bli ein ennå meir sentral del av verksemda i NRK. Målet må vera å styrkja norsk språk, identitet og kultur i dette. Styrken til NRK er nettopp distriktskontora.
Unn Aarrestad, leiar i Kringkastingsringen Dalsåsen 137 1285 OSLO Tlf. 975 62 035
|
|