Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Nei til nedlegging av distriktssendingar!

 (02.07.2002)

Pressemelding. 02.07.02.
- Signala om nedlegging av distriktssendingar er særs skuffande, det er hårreisande at NRK vil redusere tilbodet til dei mest trufaste lydarane i landet seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

I dag la NRK-leiinga fram ein rapport som inneber ein reduksjon frå 17 til 9 eller 10 distriktskontor. Noregs Mållag er særs skeptisk.

- Det er ingen tvil om at distriktssendingane til NRK er populære av di dei kjem med nyhende, kultur og sport frå nærområdet til folk. Når området for distriktssendingane blir mykje større blir delen som kjem frå kvart distrikt sjølvsagt mindre, seier Lund. – Det kjem ikkje på det same kvar redaktøren sit, den redaksjonelle vinklinga er avhengig av at redaktøren har nærkontakt med publikum, det blir sjølvsagt vanskelegare i dei svære områda NRK-leiinga legg opp til.

NRK-leiinga grunngjev endringsframlegga med at ein skal ha mindre administrasjon og meir journalistisk produksjon, m.a. ved at det skal bli utearbeidande journalistar fleire stader enn i dag.

- Dette hjelper lite når sendeflatene ikkje blir utvida, seier Lund, - det som i dag er 6 timar om dagen frå Sogn og Fjordane blir sjølvsagt mykje mindre når dei 6 timane skal inkludere Møre og Romsdal eller Hordaland i tillegg.

Rapporten frå NRK-leiinga syner òg at distriktskontora i Noreg produserer radio og fjernsyn billigare enn det som blir gjort i resten av Norden. Likevel er planen at til saman 13 årsverk skal fjernast frå distriktssendingane.

- Det burde seie NRK-leiinga noko, nemleg at det er andre stader i NRK-systemet ein må spare pengar, til dømes på Marienlyst.

NRK Sogn og Fjordane har i dag eit særleg ansvar for nynorsken i NRK. Både ved at kontoret har nynorskpraktikant og ved at det satsar på nynorske barne-tv-produksjonar.

- Noregs Mållag ser det som eit trugsmål mot den kompetansen som blir bygd opp ved NRK Sogn og Fjordane at kontoret misser det redaksjonelle sjølvstendet og blir underlagt Bergen eller Ålesund, seier Lund.

Ei tilsvarande samanslåing vart gjort i Nord- og Sør-Trøndelag og Hedmark/Oppland tidlegare i år.

- Ein burde i det minste ha venta til ein fekk sjå verknadene i Trøndelag og Innlandet før ein går vidare med samanslåing i resten av landet, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624, e-post vidar.lund@nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no