Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sommardagar og lokkande leik

 (25.06.2002)

Pressemelding frå Noregs Ungdomslag. 28.06.02. Noregs Ungdomslag skiper Folkekulturfestivalen 2002, på Beitostølen i tidsrommet 4.-7 juli.

Heilt sidan det fyrste møte i 1896 i Trondheim, har Noregs Ungdomslag samla organisasjonen til stemne om sommaren. Men i dei siste åra har ting endra seg.

- Noregs Ungdomslag ynskjer å opne miljøet for andre enn medlemmane våre og då er det heilt naudsynt å sjå på nye rammer rudt denne årlege samlinga, seier leiar i Noregs Ungdomslag Johan Einar Bjerkem.
- Frå å vere ei tilskiping basert fullt og heilt på dugnadsjobbing, har me no samarbeidd med profesjonelle aktørar innan reiselivet. Me er svært takksame overfor Destinasjon Beitostølen som har ytt mykje i høve til festivalen, seier Bjerkem.

På programmet finn ein folkedans, folkemusikk, og teater i mange ulike former.
- Me har tatt med oss nokre av dei tradisjonelle kulturuttrykka og blanda dei med nye utrykk og vonar at me får til å presentere den norske folkekulturen på ein positiv og god måte, avsluttar Johan Einar Bjerkem.


For fleire kommentarar om denne saka eller om Folkekulturfestivalen generelt, kan de kontakte Kristian Fjellanger på mobiltelefon 95 97 72 33 eller Noregs Ungdomslag på telefon 22 47 70 00.





Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no