Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Skandale å skvise løyvinga til kunnskapsportal på Internett

 (14.06.2002)


Pressemelding. 14.06.02.– Det er ein kulturpolitisk skandale at regjeringspartia har late seg presse av FrP til å stryke løyvinga til ein nasjonal kunnskapsportal på Internett, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

I revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å bruke 7 mill kr til dette i år. No melder politisk leiing i departementet at det neppe er pengar på budsjettet for neste år heller. – Det er tydeleg at departementet og statsråden har hamna i ei klemme her. Eg kan ikkje hugse at politisk leiing nokon gong har sagt alt i juni kva dei ikkje kjem til å føreslå på budsjettet dei skal leggje fram i oktober, seier Lund.

Stortinget skal handsame revidert nasjonalbudsjett fredag 21. juni. Same dagen presenterer Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget ein forprosjektrapport frå Oddmund Hoel om eit nasjonalt nynorsk leksikon på Internett.

– Det Hoel har gjort her, er faktisk det mest handfaste som er blitt gjort, ikkje berre i år, men på mange år. Utgreiinga og arbeidet med eit fullgodt nynorsk leksikon på Internett har vore gjennomført uavhengig av arbeidet regjeringa har gjort med kunnskapsportalen og heile tida vore eit eige prosjekt, understrekar Lund, - Dette står ikkje i vegen for at eit nynorsk elektronisk leksikon både kan og bør koplast til den kunnskapsportalen vi vonar kjem ein gong.

– Den 21. juni veit vi det aller meste om kva det vil koste å etablere og drive eit nynorsk leksikon på Internett. Regjeringa har alt sagt at det trengst eigne tiltak for å dekkje det nynorske tilbodet og at Staten har eit særleg ansvar for at behovet for elektronisk innhald på nynorsk blir møtt. Dette har så langt hatt brei støtte frå alle politiske parti med unnatak av Framstegspartiet. Utan ein slik kunnskapsbase er nynorske som bruksspråk truga. Vi reknar med at kulturministeren, regjeringspartia og dei andre partia som har støtta dette, står ved dette, seier Vidar Lund. - Å utsetje stønaden til ein kunnskapsbase på nynorsk kan vise seg å bli særs kostbart. Difor må det skje noko no, avsluttar Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

For meir informasjon
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624 / 21 91 14 50.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no