Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verdsbanken trugar kulturmangfaldet

 (13.06.2002)

Ei mengd organisasjonar skipar ein demonstrasjon mot ABCDE-møtet til Verdsbanken i Oslo 24.-26. juni 2002. Demonstrasjonen er ikkje-valdeleg og har ikkje som føremål å stogga møtet. Sjå meir på <a href="http://www.oslo2002.no">www.oslo2002.no</a>.

Verdsbanken fører i dag ein politikk som i praksis pressar mottakarlanda til nedbryting av offentleg sektor. Dette gjer det vanskelegare for mottakarlanda å føra ein sjølvstendig kultur- og språkpolitikk. Verdsbanken sin politikk vert dimed eit trugsmål mot mangfaldet av språklege og kulturelle uttrykk. Noregs Mållag er ein språk- og kulturorganisasjon, og vil arbeida mot utviklingsdrag som trugar kulturmangfaldet i verda.

Noregs Mållag meiner det er viktig å syna folkeleg motstand mot denne politikken og har difor slutta seg difor til nettverket «<a href="http://www.oslo2002.no">Oslo 2002</a>» som skipar demonstrasjonen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no