Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gjev www.prinsessa.no som bryllaupsgåve

 (22.05.2002)

Pressemelding. 22.05.02. Noregs Mållag ønskjer til lukke med bryllaupsdagen til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn. Paret har kvar på sitt vis synt interesse for norsk folkekultur. Prinsesse Märtha Louise er den høge vernaren av Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta og ho les folkeeventyr både på samisk, nynorsk og bokmål.

- Mållaget vil takke prinsessa for dette arbeidet, samtidig som vi vonar paret vil halde fram med å bruke mangfaldet av kultur og språk som Noreg har, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag. Noregs Mållag vil gje domenenamnet www.prinsessa.no til brureparet.

Noregs Mållag sikra seg domenenamnet for om lag eitt år sidan, etter at det vart oppdaga at dei nynorske domenenamna for mellom anna regjeringa og prinsessa ikkje var sperra for misbruk. Noregs Mållag vonar NORID vil godta at domenet blir overført til paret så snøgt som råd.

For meir informasjon kontakt:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 (a) eller 402 11 624 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no