Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje bruk ulovlege lærebøker!

 (21.05.2002)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 21.05.02.<!--@bilde 17235,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/gudrunlita.JPG" width=62 height=85 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Gudrun Kløve Juuhl">
– Lærebøker som ikkje finst i nynorskutgåve, er ulovlege å setja opp på pensumlista, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom. No sender Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen ut eit brev til alle vidaregåande skular om at det berre er lov å bruka lærebøker som finst i parallellutgåver på nynorsk og bokmål.
Etter at Godkjenningsordninga for lærebøker vart lagt ned, er det no fylkeskommunen ved rektor som har det juridiske andsvaret for at elevane i den vidaregåande skulen får lærebøker på språket sitt.

– Me veit at det fleire stader vert brukt lærebøker som berre kjem ut på bokmål. Dette er ikkje akseptabelt, seier Robert Terdal Moe, leiar i Elevorganisasjonen, og bed skulane sjekka om bøkene finst i parallellutgåve før dei vert sette opp på pensumlista.

Gudrun Kløve Juuhl og Robert Terdal Moe vonar dei vidaregåande skulane vil fylgja Opplæringslova når dei no set opp pensumlister for neste haust. Dei lovar å fylgja godt med og reagera mot skular som har ulovlege bøker på pensumlistene ved skulestart.


For meir informasjon, kontakt:

Gudrun Kløve Juuhl: 928 48 360 (m)/22 42 63 00 (a)
Norsk Målungdom: 22 42 63 00

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no