Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Norsk språkråd på ville vegar

 (15.05.2002)

Pressemelding. 15.05.02. <!--@bilde 17128,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/nlund__vidar_lite.jpg" width=80 height=95 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Vidar Lund (lite)">Noregs Mållag er kritiske til å fjerne læreboknormalen, slik nynorskdelen i Norsk språkråd ynskjer.
– Landsmøtet i Noregs Mållag fatta eit eintydig vedtak. Vi ynskjer å halde oppe skiljet mellom ein trong læreboknormal og ei vidare rettskriving, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

– Noregs Mållag meiner at læreboknormalen er viktig for å skapa ein standardnynorsk, samstundes som dei som har særlege ynske om å skrive tradisjonell og dialektnær eller bokmålsnær nynorsk har høve til det innanfor den vide rettskrivinga, seier Lund. Nynorskdelen av Norsk språkråd fekk melding frå Kulturdepartementet i 2000 om at dei måtte sjå på eit liknande vedtak som er gjort for bokmålet, der skiljet mellom læreboknormalen og resten av rettskrivinga vart fjerna i 2000.

Noregs Mållag er skuffa over at nynorskdelen av Norsk språkråd har valt å herme etter bokmålssida i dette spørsmålet. Tidlegare har nynorskdelen sagt det motsette, at nynorsken må normerast på eige grunnlag.
– Noregs Mållag ynskjer at den breie, nynorske skrifttradisjonen må vera grunnlaget for normeringa. I tillegg er utbreiing i talemålet og indre samanheng i skriftmålet viktig, understrekar Vidar Lund.


For meir informasjon:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 22 47 71 00 (a), 402 11 624 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no