Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Stortinget må sikra lærebøker på nynorsk!

 (08.05.2002)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 08.05.02. – Regjeringa har lagt fram framlegg til revidert nasjonalbudsjett utan meir pengar til lærebøker. No må Stortinget ordna opp slik at alle elevar kan få bøker på språket sitt til hausten, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.
Eit samla utdanings-Noreg kravde 2.mai at regjeringa gjennom revidert nasjonalbudsjett sytte for at det vert sett av nye midlar til parallellutgåver i vidaregåande skule. No har det ikkje vorte løyvt friske midlar til parallellutgåver sidan 1999, og det har kome til fleire nye fag i skulen.

Opplæringslova slår fast at det berre kan brukast lærebøker som finst på bokmål og nynorsk.
Avtalen mellom utdanningsdepartementet og forlaga er at det vert gjeve stønad til parallellutgåver i bokmål og nynorsk i fag med 5000 elevar eller færre.

– Me kan ikkje godta at bøker ligg føre berre på bokmål til hausten. Då vert det aksjonar, lovar Gudrun Kløve Juuhl.



For meir informasjon:

Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom 22 42 63 00 (a)/92 84 83 60 (m)


<a href="http://www.nynorsk.no/nmu">www.nynorsk.no/nmu</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no