Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Me vil ha lærebøker på nynorsk!

 (02.05.2002)

Pressemelding. 02.05.02. I dag aksjonerte Norsk Målungdom, Noregs Mållag, Elevorganisasjonen og elevar frå Firda vidaregåande skule for retten til lærebøker på nynorsk. Elevane stilte med nynorsk opera, plakatar og overrekte opprop frå eit samla utdannings-Noreg.

– Krava våre er at regjeringa gjennom revidert nasjonalbudsjett i mai syter for at det vert lyst ut midlar til nye parallellutgåver, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.
– Dessutan bør Stortinget be Utdannings- og forskingsdepartementet ta ansvaret for å informera skulane om kva læremidel som finst og ikkje finst i parallellutgåver, og for å reagera overfor skular og forlag som ikkje oppfyller kravet.

– Me er skuffa over svaret frå utdanningsdepartement. Statssekretær Bergesen kunne ikkje lova at UFD ville løyva pengar til lærebøker over revidert nasjonalbudsjett, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag.

Avtalen mellom UFD og forlaga er at det vert gjeve stønad til parallellutgåver i bokmål og nynorsk i fag 5000 elevar eller færre.
– No har det ikkje vorte løyvt friske midlar til parallellutgåver sidan 1999, og me har fått fleire nye fag i skulen. Har utdanningsdepartementet tenkt å fjerna retten til å få lærebøker på eige språk, spør Gudrun Kløve Juuhl.

– Opplæringslova slår fast at det berre kan brukast lærebøker som finst på bokmål og nynorsk. Om ikkje utdanningsdepartementet ordnar opp, må Stortinget trå til, slår Vidar Lund fast.

For meir informasjon:
Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom, tlf. 928 48 360 (m)
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624 (m)

Last ned <a href="http://www.nm.no//bilder/bergesen_overlevering.JPG">bilete av overleveringa</a> (stort). Personar på bilete: Statssekretær Bergesen, Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom og Robert Terdal Moe, leiar i Elevorganisasjonen.. Foto: Hege Lothe.

Fleire bilete: <a href="http://www.nm.no//bilder/samlaaksjon.JPG">bilete av elevar</a>.




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no