Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rettskriving i nynorsk

 (02.05.2002)

Vedtak om rettskriving i nynorsk på landsmøtet i Noregs Mållag 28. april 2002.

1.Målet med ein normeringspolitikk
Noregs Mållag meiner at nynorsk i dag er eit fullt utvikla skriftmål for det
norske samfunnet, og at det ikkje fyrst og fremst er språklege, men
politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at
fleire skal ta dette skriftmålet i bruk. Det hindrar likevel ikkje at
utsjånaden på nynorsken og endringar i norma kan ha innverknad på bruken av
målet. Som den største nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag eit ansvar
for å halda auge med norma og uttala seg om endringar.

Noregs Mållag ser ingen grunn til at det bør gjerast store endringar i
nynorsknorma i dag. Når me tek opp rettskrivingsspørsmålet, er det av di
Norsk språkråd no vurderer å oppheva skiljet mellom hovudformer og
sideformer. Føremålet med dette vedtaket er å seia noko om kva hovudretning
normeringa bør ta.

2. Historisk grunnlag
Det historiske grunnlaget for normeringa av nynorsken finn me i arbeidet
Ivar Aasen gjorde for å utvikla eit nynorsk skriftmål. Aasen utvikla eit
eige skriftmål tufta på talemålet til nordmenn flest, samanhalde med
gammalnorsk som var det felles utgangspunktet. Prosjektet åt Aasen hadde
både ei demokratisk og ei nasjonal side: Han ville skapa eit skriftmål som
kunne letta folkeopplysninga og gje prestisje til dialektane. I tillegg
ville han markera historisk identitet og skapa eit mest mogleg samlande
språk.

3. Hovudprinsipp i normeringa
Hovudgrunnlaget for nynorsken er dei norske dialektane. Etter kvart som
nynorsken har fått ein skrifttradisjon, har denne tradisjonen òg fått ein
eigenverdi som ein må ta omsyn til i normeringa. Utgangspunktet for
normeringa av nynorsken i framtida må såleis vera nynorsken slik han er i da
g. Eventuelle endringar må byggja på endringar som har skjedd i talemålet
eller i faktisk bruk av skriftmålet. Tilnærming til bokmålet er ikkje
aktuell politikk.

Ut frå skrifttradisjonen har nynorsken fått ein valfridom der språkbrukaren
kan få uttrykt regional og individuell variasjon. Det er viktig for mange,
og Noregs Mållag meiner difor at me framleis treng ei romsleg rettskriving.

4. Hovudformer og sideformer
Noregs Mållag meiner at me framleis treng ein læreboknormal innanfor den
vide rettskrivinga, til bruk i lærebøker og offentleg teneste. Fordi me har
hatt læreboknormalen, har det vorte skapt ein "standardnynorsk" som kan vera
ei god rettesnor for mange.

Noregs Mållag ser positivt på at Norsk språkråd vil gjera eit visst
oppryddingsarbeid i læreboknormalen og i sideformene, som å jamna ut
inkonsekvensar og eventuelt fjerna former det er dårleg grunnlag for i
talemål og skriftspråk. Det er likevel viktig at rettskrivinga har rom for
valfridom mellom former som kjennest viktige for mange.

5. Dersom skiljet mellom hovudformer og sideformer skal fjernast
Dersom Norsk språkråd vel å fjerna skiljet mellom hovudformer og sideformer,
har Noregs Mållag nokre klare krav:

- Hovudgrunnlaget for å vurdera om former skal verta ståande i norma
eller ikkje, må vera den breie nynorske skrifttradisjonen.

- Ein skal vidare ta utgangspunkt i utbreiing i talemålet og den
indre bygnaden i skriftmålet.

- Nynorsken må framleis ha ei romsleg norm og rom for regional
variasjon.

- Ein må vera varsam med å ta ut former med spesiell
identitetsfunksjon og symbolverdi. Døme på slike former er i-målet og kløyvd
infinitiv.

- Di lengre tradisjon formene har, di meir varsam må ein vera med å
ta dei ut av norma.

I tillegg set Noregs Mållag krav til arbeidet med norma: Framlegget frå
Norsk språkråd må sendast ut på ein høyringsrunde slik at eit grundig
offentleg ordskifte om rettskrivings-endringa vert mogleg. Norsk språkråd
bør ikkje ta endeleg stilling til vedtaket før på årsmøtet i 2004, som er
det siste i fireårsbolken. Det må vidare arbeidast for at det raskt kjem
både ordlister og elektroniske skriveverkty for den nye norma.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no