Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Aksjon for nynorske lærebøker: - Gje oss bøkene våre, Clemet!

 (30.04.2002)

Pressemelding. 30.04.02. - Retten til lærebøker på eige språk er truga, seier Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.

- Sjølv om det står i opplæringslova at ein berre skal bruka bøker som kjem ut på nynorsk og bokmål til same tid og pris, så kom fleire bøker berre på bokmål i haust. Neste haust vert det truleg endå fleire, påpeikar Robert Terdal Moe, leiar i Elevorganisasjonen.

Torsdag 2. mai klokka 14.00 vert det aksjon. Då vil Norsk Målungdom, Noregs Mållag, Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet overrekkja eit opprop for retten til lærebøker på nynorsk til statssekretær Helge Ole Bergesen i Utdanningsdepartementet.

Elevar frå Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane reiser med buss over fjellet for å fremja krav frå nynorskelevane som ikkje får bøker på språket sitt.

- No må utdanningsministeren ordna opp, seier Gudrun Kløve Juuhl. - Har Kristin Clemet tenkt å ta frå elevane retten til lærebøker på eige språk? Me krev at politikarane løyver pengar over revidert nasjonalbudsjett denne våren, slik at elevane får lærebøker på språket sitt til hausten!

Ordninga med at alle lærebøker skal koma ut både i bokmåls- og nynorskutgåve (parallellutgåveordninga) vart etablert for nesten 30 år sidan. Dette har vore praktisert slik at forlaga får stønad frå utdanningsdepartementet til å produsera parallellutgåver av lærebøker i fag med færre enn 5000 elevar. Dette gjeld dei fleste yrkesfaga.

- Sidan 1999 har det ikkje vorte betalt ut pengar til parallellutgåver av nye lærebøker, og fleire og fleire bøker kjem berre i bokmålsutgåve, slår Vidar Lund fast, leiar i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom 928 48 360 (m)

Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag 402 11 624 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no