Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Staten må hindra nynorsk lærebokkrise

 (28.04.2002)

Pressemelding. 28.04.02. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at regjeringa og Stortinget i revidert nasjonalbudsjett tek ansvar for at elevar også i framtida har tilgjenge til nynorske lærebøker.

– Dersom ikkje Stortinget og regjeringa i vår omset orda om å sikra parallellutgåveordninga i handling, vil det vera det hardaste slaget mot ordninga sidan ho vart etablert for ein generasjon sidan, seier Vidar Lund, nyvald leiar i Noregs Mållag.
– Vert ikkje det gjort noko allereie i revidert nasjonalbudsjett no mai er dette eit svik mot nynorskelevane.

Parallellutgåveordninga i opplæringslova står formelt framleis ved lag, og i desember streka stortingsfleirtalet under «ansvaret for å sikre utgivelse av parallellutgaver». Trass i dette har uvissa om framtida til ordninga berre vorte enno større dei siste månadene.

Parallellutgåveordninga krev at forlaga gjev ut læremiddel for grunnskulen og den vidaregåande skulen både på bokmål og nynorsk i dei faga som har årskull på over 300 elevar. Som kompensasjon får forlaga dekt meirutgiftene til dette på dei små og mellomstore faga gjennom parallellutgåvetilskotet.

– Denne semja har staten no brote einsidig ved at Læringssenteret ikkje har gjeve parallellutgåvetilskot til nye bokprosjekt sidan hausten 1999, påpeikar Vidar Lund.

Løyvingane har sidan 2000 heilt og fullt gått til å betala ut tilskot til lærebøker produserte i samband med dei store skulereformene i 90-åra.

– Det går no mot fullt samanbrot i produksjonen av nynorske lærebøker for små og mellomstore fag i den vidaregåande skulen. For å hindra dette må regjeringa og Stortinget syta for at det blir sett av nok midlar til parallellutgåver i revidert nasjonalbudsjett til at midlar til nye bokprosjekt kan lysast ut i år, krev Lund.

For meir informasjon:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, 402 11 624 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no