Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vidar Lund ny leiar i Noregs Mållag

 (28.04.2002)

Pressemelding. 28.04.02. Vidar Lund frå Skogn i Nord-Trøndelag vart i dag vald til ny leiar i Noregs Mållag.

Vidar Lund er 28 år og har brei erfaring frå både Norsk Målungdom, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Vidar Lund kjem rett frå leiarvervet i Bondeungdomslaget i Oslo, det største mållaget i Noreg.

– Vi er nøgde med at over 600 000 nordmenn skriv nynorsk i dag, men vi skal bli endå fleire, seier Vidar Lund, nyvald leiar i Noregs Mållag. Hovudsakene frametter vil bli kamp for nynorsk data, lokal barnekultur og internasjonale språk- og kulturspørsmål.

Noregs Mållag har hatt landsmøte i Oslo, og internasjonale spørsmål og nynorsken som samfunnspolitisk spørsmål har stått sentralt. Lund overtek etter Oddmund Hoel som har vore leiar siste tre åra.

Det nye styret i Noregs Mållag ser slik ut: nestleiar er Håvard Teigen frå Lillehammer. Styremedlemer er Astrid Marie Nistad, Sogndal, Rutt Trøite Lorentzen, Trondheim, Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø, Endre Otto Brunstad, Bergen og Astrid Dypvik frå Oslo. Varamedlemer er Steinulf Tungesvik, Oslo, Eldbjørg Skaug, Eidsberg, Anne Steinsvik Nordal, Volda og Karstein Bjørge frå Sotra.

Last ned bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/Lund%2C%5FVidar%2Ejpg">Vidar Lund</a>

For meir informasjon:
Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag, 402 11 624 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no