Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2002 til Ivar og Kari Medaas

 (28.04.2002)

Pressemelding. 28.04.02. Styret i Noregs Mållag delte ut Målprisen 2002 på landsmøtet i Noregs Mållag. Prisen gjekk til Ivar og Kari Medaas for den store kulturinnsatsen dei har gjort for norsk språk og kultur.

Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, sa dette ved utdelinga av prisen på festmiddagen til Noregs Mållag på Det Norske Teatret i Oslo:

Då Ivar Medaas storma inn med fele og strilamål på Chat Noir i 1963, opplevde han at endåtil dei finkulturelle oslofolka la seg flate for føtene hans. Med det skreiv han revyhistorie. I plysjstolane sat publikum krumbøygde i ustoppeleg tusslått og saug til seg saftige vestlandsgloser iblanda hardingfelemusikk. Midt i Elvis-feber og Beatles-hysteri stod den unge lyslugga strileguten fram med «unplugged spikjekjøtmusikk», akustisk gitarklimpring og ramsalt dialekt. Heilt stødig stod han, utan knot. Som ekte norsk motvind i ei Amerika-påverka tid.» Slik byrjar Jan Spurkeland boka si om gjøglaren og felespelaren Ivar Medaas frå Alversund i Nordhordaland.

Og Ivar og kona hans, Kari, har hatt mykje å seia for norsk musikk, nynorsk språk og dialekt og norsk folkekultur i det heile i sitt lange og rike artistliv. Med stjerneslageren og den musikalske landeplaga «Gamle dampen» har Ivar gjort seg landskjent i generasjonar framover. Men han har ikkje berre det musikalske og litterære blinkskotet på sitt kunstnarlege samvit. Heile 13 LP-plater har han spela inn, attåt 34 singelplater og 92 eigenproduserte, i følgje TONO-registeret. I tillegg kjem ei rad med originale NRK-opptak, heile 33 i talet.

Mange artige revyar på moroteatra i hovudstaden var han også med på, somme gjekk også ut på turne. Det var såleis på Chat Noir Ivar slo igjennom for alvor og vart rikskjendis. I samarbeid med glupe tekstforfattarar som mellom anna Jakob Sande, Arnljot Eggen, Aslaug Låstad Lygre og Herbjørn Sørebø har Ivar levandegjort fine nynorske tekstar med komposisjonane sine. Mange hugsar kanskje Ivar best frå radioen og Ønskekonserten, men dei fleste vil vel kanskje meina at han måtte opplevast frå scena. Der han brukte seg og det mangslungne talentet sitt til fulle, og han har gledd tusenvis av unge og gamle på turneane sine land og strand rundt. Han kunne traktere både hardingfela, gitaren og si sterke og gode røyst like godt; og innimellom så gjøgla og fortalde han, kom med skrøner og historier som sette folk i godlag, same kor sure dei var.

I dette stykket likna han litt på musikkollegaen sin, vossingen Sigbjørn Bernhoft Osa. Det gode samarbeidet på tvers av musikkformer og – grenser er ei anna side ved Ivars kunstnargjerning. Han er like god og ekte anten han spelar country, rock eller norsk folkemusikk eller blandar alle tre sjangrane. Dette slo veldig godt an både blant unge og eldre, Ivar var både tradisjonalist og modernist samstundes og samarbeidde like godt med unge popmusikarar som med tradisjonelle spelemannslag. Revyar og kabaretar som «Hestevrinsk og fløytelåt» og «Bymann og stril« er ting som folk hugsar godt enno.

Ein betre ambassadør har nynorsken og folkekulturen sjeldan hatt i nyare tid, vil mange meine. Ja, ei hovudstadsavis meinte jamvel at Ivar var «Vestlandets betydeligte eksportprodukt siden Aasen-normalen». Noregs Mållag og nynorsken treng gode språkbrukarar og kunstnarar, skal målet vårt nå fram, og Ivar og Kari har vore nettopp det. Og dei fekk attpåtil løyst litt opp på det noko alvorstunge og litt trauste norskdomsuttrykket med gapskratt, sjølvironi og gjøglarfakter.
Det er òg eit godt poeng her på denne samkoma i Oslo at Ivar og Kari faktisk møttest i Leikarringen i Oslo i 1960 for å gå på vinterlandbruksskulen. Ikkje lenge etter finn vi dei to att som den velkjende Vestlandsduoen, i 35 år var dei songpartnarar og reisefølgje, spelte inn plater og turnerte landet på langs og tvers.

Vi i målrørsla er evig takksame for den store kulturinnsatsen Ivar og Kari Medaas har gjort for norsk språk og kultur, og vi er trygge på at dei kunstverka som dei har skapt kjem til å leva vidare i norsk kulturliv i generasjonar. Før ha det vanta både Lindås-pris og Nordhordalandspris, og no skal dei også få ein velfortent målpris, som dei eigentleg burde ha hatt for lenge sidan!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no