Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev nynorsk av Bernander!

 (27.04.2002)

Pressemelding. 27.04.02. – Noregs Mållag krev at omorganiseringa av NRK styrkjer nynorsken. Det er viktig at redaktøransvar og redaksjonelle ressursar ikkje vert sterkare geografisk sentraliserte, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.
Landsmøtet i Noregs Mållag er sterkt uroa over prioriteringa av distrikta i NRK etter at distriktskontora i Hedmark/Oppland og Sør-/Nord-Trøndelag vart slegne saman i desember.

Kringkastingssjef John G. Bernander var til stades på landsmøtet og snakka om nynorsk og NRK. På møtet fekk han overrekt oppropet «Ikkje rør NRK Sogn og Fjordane!» Mållaga i Sogn og Fjordane starta oppropet, og mest alle ordførarane i Sogn og Fjordane, i tillegg til fylkesordføraren, har støtta dei.

– NRK Sogn og Fjordane er eit døme på kor viktig det er å ha eit distriktskontor som dyrkar og utviklar nynorsk som mediespråk. Dette distriktskontoret har i ei årrekkje vore ein særs viktig leverandør av over 50 nynorskjournalistar til andre redaksjonar, og av produksjon av nynorskprogram til riksnettet. Me vil åtvara sterkt mot å flytta redaktøransvaret for fylket til bokmålsbyen Bergen, seier Oddmund Hoel.

Den desentraliserte strukturen i NRK har vore svært viktig for å gjera NRK til eit røynleg landsfemnande og nasjonalt kringkastingsselskap. Distriktskontora har vore avgjerande for å gje dialektane den statusen dei har i dag, og dei har vore eit svært viktig springbrett til den nasjonale arenaen for artistar og kulturkrefter utanom dei største byane.

Distriktssendingane og rikssendingar produserte av distriktskontora har nokre av dei høgste sjåar- og lyttartala.

– Dette fortel at distriktskontora står for eit tilbod som er viktig for folk. Vilkåra for dette har både vore oppbygginga av redaksjonsmiljø på distrikts- og lokalkontor og at redaktøransvaret og det administrative og økonomiske ansvaret for drifta har lege ute på distriktskontora der journalistane er, påpeikar Oddmund Hoel.

Det er svært uheldig at nokre av dei beste og mest populære distriktskontora, som Finnmark, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane, anten alt er sentraliserte eller er dei neste som står for tur. Dersom dei journalistiske og økonomiske prioriteringane i slike fylke i større grad skal gjerast i Tromsø, Trondheim eller Bergen, vert det vanskelegare for distrikta å nå gjennom.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Meir om landsmøtesakene og pressebilete finn du på http://www.nm.no


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no