Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome som takk for nynorske førarkort!

 (27.04.2002)

Pressemelding. 27.04.02. På landsmøtet i Noregs Mållag denne helga vart Jan E. Isachsen og Gro S. Ihler overrekt målblome som takk for ein noko spesiell innsats for nynorsken.

Då Vegdirektoratet laga nytt førarkort for nokre år sidan, måtte dei leggje inn ein spesiell mikroskrift for å gjera førarkorta vanskelegare å forfalske. Jan E. Isachsen og Gro S. Ihler i Vegdirektoratet fekk ideen om å bruke vers frå Nordmannen («Mellom bakkar og berg») og Håvamål. Dette har sjølvsagt målfolket merkt seg, og på landsmøtet var det tid for å gje blome for denne skjulte innsatsen for nynorsken.
– Det er klart vi må seie takk. Det er ikkje kvar dag den nynorske kulturarven kjem ut i eit opplag på fleire millionar, smiler Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, som stod for overrekkinga av Målblome-diplom og blomar.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no