Nynorsk litteraturpris til Ragnar Hovland
(26.04.2002)
Pressemelding. 26.04.02. Nynorsk litteraturpris for 2001 er tildelt Ragnar Hovland for boka Ei vinterreise. Ragnar Hovland fekk prisen ved opninga av Norges Mållag sitt landsmøte.
«Sove kan ein gjere når ein ligg i grava og ikkje har anna å ta seg til», seier Lindemann, den sentrale personen i Ragnar Hovlands roman Ei Vinterreise. Han traskar aleine langs landevegen og er kald på føtene. Oppbrotet og steget ut på vegane er sjølve urscenen i Hovlands store forfattarskap. Her er det emissæren Lindemann som har mist trua og meininga med den bodskapen han har bore fram på vegane. Han vil ha ein ny start og ein annan slutt.
Parallelt med Lindemanns landevegseventyr byrjar ei dagbok. Han som skriv denne dagboka, har fått vita at han har kreft: «Dette er definitivt første dagen i resten av livet ditt,» skriv han nøkternt og tenkjer på dei gode tinga han no må gjera meir av i kvardagen.
Ei vinterreise er ein roman om å vera på veg. Personane har kvar si reise, men dei blir alle vikla inn i livsreisene til kvarandre. Trass i mørke og kulde langs vegane er det varme og von mellom menneska. Den nøkterne dagboka dannar eit verbalt kontrapunkt til den burleske og dramatiske bilreisa, og saman skaper desse to historiene den særeigne rytmiske flyten i denne romanen; dei flettar seg inn i kvarandre som ulike, men samanhøyrande meloditema i ein Bach-fuge. Stilen er meisterleg avbalansert, svingande mellom morskap og melankoli. Juryen takkar Ragnar Hovland for ein kunstnarleg vellykka og merkeleg oppløftande roman, og det er med stor glede den gir Ei vinterreise Nynorsk litteraturpris for 2001.
Juryen for Nynorsk litteraturpris: Gunnar Foss Svein Erik Brodal Sylvie Penne
For meir informasjon les landsmøtesidene: www.nm.no
|
|