Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 12. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Torvald Sund

 (26.04.2002)

Pressemelding. 26.04.02. Nynorsk barnelitteraturpris for 2001 er tildelt Torvald Sund for boka Knivkastarens son. Torvald Sund fekk prisen ved opninga av Norges Mållag sitt landsmøte i Oslo.

Fleire nynorske barnebøker frå dei seinare åra utmerkjer seg med leik med sjangrar og evne til å finne tekstlege uttrykk som speglar moderne unge lesarar og deira levemåte og språkbruk. Bokåret 2001er ikkje noko unntak i så måte. Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris vil i år imidlertid trekkje fram ei bok som vender seg bakover i tid og som framstår i eit meir tradisjonelt formspråk.

Torvald Sunds Knivkastarens son er ei samling enkeltståande tekstar med motiv frå fortida. Kvart hundreår frå 1000-talet og fram til i dag er illustrert med kvar sin tekst forankra i ein kontekst som er representativ for dette hundreåret. Tidsepoken i kvar forteljing blir eit bakteppe som får farge etter som personane i forteljingane gjev seg til kjenne. Frå 1800-talet møter vi til dømes skuletaparen som går opp for presten for fjerde gong, frå 1500-talet kvinnene som fryder seg over å utsmarta øvrigheita og laugar seg for å bli kvitt lusa, frå 1300-talet jøglaren som livnærer seg med å kaste knivar mot sonen sin. Dette er figurar som alle står lavt ned på rangstigen i samfunnet, derfor er dei også lette å få sympati med. Men historiene blir ikkje programmessige likevel. Konfliktar lèt seg ikkje løyse lettare i boka enn i verda elles.

Ei slik systematisk og emnemessig ordning av tekstane kunne tenkjast å varsle eit program eller prosjekt der det pedagogiske eller politiske lett kunne kome i konflikt med det litterære. I staden framstår boka som eit variert knippe gode forteljingar, nokre med frydefullt overraskande poeng, andre ikkje, - tekstar som både røynde og urøynde lesarar vil fryda seg over.

Det er først og fremst den truverdige framstillinga, den beinframme realismen og ein allmennmenneskeleg appell som gjer forteljingane levande, og ofte spelar vonløysa på lag med ein humor som hevar tekstane. Driv ein med høgtlesing, kan ein knappast ønskje seg betre materiale å formidle.

Det er ei glede å sjå ein røynd forfattar ta tak i vår eiga historie gjennom varierte tekstar med slike klare novellistiske kvalitetar. Juryen ser på boka som ein reklame for og ein vegvisar til den gode forteljinga.

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris:
Anna Beate Storm-Larsen
Ingeborg Westerheim
Eivind Karlsson

Tidlegare vinnarar finst på landsmøtesidene: www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no