Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget svært misnøgd med regjeringa sin IT-innsats

 (25.04.2002)

Pressemelding. 25.04.02. – Arbeidet for å fremje nynorsk på IT-feltet har stoppa heilt opp. Bondevik-regjeringa har stoppa framdrifta på fleire viktige prosjekt som Stoltenberg-regjeringa fekk i gang på slutten, påpeikar Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

I tre viktige IT-saker etterlyser Noregs Mållag ein seriøs innsats frå regjeringa. Dette gjeld saka om at staten berre skal kjøpe inn dataprogram som har både bokmål- og nynorskversjon, at elevane i skulen bør få tilgang på dei vanlegaste dataprogramma på nynorsk og at regjeringa ikkje har med ein strategi for nynorsken i sin plan for innhald i nasjonale digitale kunnskapsbasar.

– Dette er strykkarakter både kulturpolitisk og språkleg. Det står òg i kontrast til den velviljen kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland har signalisert. Vi ventar oss no at ho vil fortelje kva regjeringa har tenkt å gjere for nynorsk på IT-feltet når ho skal tale på årsmøtet i Det Norske Samlaget i Oslo på laurdag, seier Oddmund Hoel.
– For alle språk i dag er alternativa digitalisering eller død, så dette er alvorleg, legg Hoel til.

Det er heile ti år sidan stortingsfleirtalet uttalte at staten burde krevje at dei som leverer dataprogram til staten, leverer både bokmåls- og nynorskversjonar av dei vanlegaste programma.
– Regjeringa har ikkje lovd anna enn at saka skal takast opp i kulturmeldinga neste år, seier Hoel.

Alle læremiddel i grunnskulen og den vidaregåande skulen, både trykte og digitale, skal etter opplæringslova kome i parallellutgåver på nynorsk og bokmål, men det er gjort eit unntak for kontorstøtteprogramvare, som også er dei mest brukte i skulen.
– Stortinget sa alt i juni 2000 at det er viktig at staten krev nynorskversjonar av desse programma. Læringssenteret greidde ut saka på oppdrag frå Utdanningsdepartementet og la fram ei tilråding i juni i fjor som klårt og tydeleg gjekk inn for å stille krav om nynorskversjonar til slike program, men 10 månader etter har Læringssenteret framleis ikkje fått noko svar frå departementet, påpeikar Oddmund Hoel.

Den siste saka som regjeringa trenerer er å leggje til rette for nynorsk i nasjonale kunnskapsbasar. Stortinget har vedteke at regjeringa skal «sørge for at de språkpolitiske målsettingene om likestillingen mellom våre to målformer ivaretas ved etableringen av nasjonale digitale kunnskapsbaser».
– Det har heile tida vore klårt at det som skal vera av nynorsk kunnskapsstoff i slike basar må utviklast frå botn fordi det ikkje finst noko på nynorsk i dag, i motsetnad til på bokmål der det finst ein del. Det er ikkje spor av ei slik innsikt i regjeringa i regjeringa sin politikk, seier Oddmund Hoel.

Landsmøtesidene til Noregs Mållag er www.nm.no

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 (m)
Hege Lothe, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no