Pressekonferanse om landsmøtet i Noregs Mållag
(25.04.2002)
Noregs Mållag inviterer til pressekonferanse om landsmøtet i Oslo og Norsk kulturhelg. Tid: Torsdag 25. april kl 10-11 Stad: Det Norske Teatret, Oslo
Oddmund Hoel vil orientere om dei viktigaste sakene i samband med landsmøtet, mellom anna korleis regjeringa har svikta totalt i arbeidet for å styrkje nynorsk innanfor informasjonsteknologien.
Ragnhild Bjørge, sekretær for Norsk kulturhelg, vil orientere om kulturhelga. Vidar Lund, leiarkandidat i Noregs Mållag, vil også vere til stades.
Landsmøtesidene: www.nm.no
For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 970 21 194 Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 926 48 348
Sakliste og timeplan Landsmøtet vert halde i Lagssalen til Bondeungdomslaget i Oslo, Rosenkrantzgate 8, Oslo. Merk: tidspunktet for tala til John G. Bernander er endra!
Fredag 26. april 2002 10.00 Innsjekking 13.00 Sak 1. Opning og konstituering 13.45 Utdeling av Nynorsk litteraturpris 2001 og Nynorsk barnelitteraturpris 2001 14.30 Sak 10. Nynorsk i NRK. Innleiing ved kringkastingssjef John G. Bernander 15.30 Pause m/ kaffi 15.50 Sak 2. Leiartale. Ordskifte 17.00 Sak 3. Årsmelding 2001-2002. Ordskifte, godkjenning 18.00 Innstilling frå fullmaktsnemnda 18.10 Slutt for dagen
19.00 Middag, Kaffistova 20.00 Kulturkveld på Scene 2, Det Norske Teatret 21.00 Kveldssete, Håndverkeren
Laurdag 27. april 2002 09.00 Sak 8. Målsaka som samfunnsspørsmål. Landsmøtetale ved stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa. Ordskifte 11.30 Matpause 12.30 Sak 9. Rettskrivinga i nynorsk. Innleiingar ved Oddrun Grønvik og Johan Myking. Ordskifte 14.00 Sak 4. Rekneskap 2001 -- Sak 5. Årspengar 2004 -- Sak 6. Andre økonomisaker (Honorar til leiar, budsjett for 2003, økonomiplan 2003–2005) 15.00 Årsmøte i Samlaget, tale ved kulturminister Valgerd Svarstad Haugland 16.00 Sak 7. Lovendringar og andre landsmøtesaker. Ordskifte og vedtak 16.30 Sak 12. Fråsegner 17.00 Slutt for dagen
18.00 Teaterstykket «Antons villfaring» på Det Norske Teatret 20.30 Landsmøtemiddag på Det Norske Teatret 21.00 Kveldssete på Det Norske Teatret
Sundag 28. april 2002 09.00 Sak 11. Parallelle seminar. -- A: Mediekurs v/ Hege Lothe -- B: Mållovsarbeid v/ Atle Faye -- C: Barnelitteratur v/ Nana Rise, Erle Stokke og Malin Tvedt Petterson -- D: Kyrkjemålsarbeid v/ Åsulv Lande -- E: Nynorsk og IT – ei innføring v/ Jon Grepstad -- F: Forretningsdrift og næringsliv v/ Øystein Skjæveland 10.30 Sak 5. og 6. Vedtak årspengar 2004 og vedtak andre økonomisaker 10.45 Sak 9. Vedtak – rettskrivinga i nynorsk 11.15 Sak 12. Fråsegner 12.00 Matpause 13.00 Sak 13. Val 13.45 Avslutning 14.00 Slutt
|
|