Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje rør NRK Sogn og Fjordane!

 (24.04.2002)

Melding frå Sogn og Fjordane Mållag. 24.04.02. Sogn og Fjordane Mållag ønskjer å samle ein breiast mogeleg protest mot planane som kan føre nedlegging av NRK Sogn og Fjordane. Kringkastingssjef John G. Bernander kjem på landsmøtet til Noregs Mållag i Oslo fredag 26. april 2002. Vi vil då overrekkje han oppropet Ikkje rør NRK Sogn og Fjordane!

Vi håpar at alle ordførar, politiske parti og lag og organisasjonar stør opp om denne aksjonen. Skriv under støttefråsegna <a href="http://www.petitiononline.com/nrksf/">her</a>.

Ikkje rør NRK Sogn og Fjordane!

Vi som har underteikna dette oppropet er sterkt uroa over at NRK planlegg å redusere talet på distriktskontor noko som kan føre til at NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland blir slegne saman til eitt distriktskontor med hovudkontor i Bergen.

NRK Sogn og Fjordane er svært viktig både nasjonalt og for fylket vårt.

· NRK Sogn og Fjordane ligg på landstoppen i oppslutning.
· I eit fylke med svært spreidd busetnad og inga fylkesavis er NRK Sogn og Fjordane ein kjær og naudsynt informasjonskanal.
· Det er det einaste distriktskontoret som ligg i eit tilnærma reint nynorskområde. NRK Sogn og Fjordane har difor ei nasjonal oppgåve for den nynorske journalistikken.
· NRK Sogn og Fjordane har gjennom mange år vore ein stor leverandør av nynorskjournalistar til NRK og andre riksmedia.
· Vi godtek ikkje at distrikta vert ofra for å gje dei folkerike byområda eit endå betre radio- og fjernsynstilbod.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no