Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Noregs Mållag i Oslo

 (23.04.2002)

Pressemelding og presseinvitasjon. 23.04.02. Landsmøtet i Noregs Mållag tek til i Oslo fredag 26. april 2002. Ei av hovudsakene er kravet om at NRK skal oppretthalde distriktskontora, og det er knytt stor spenning til kva kringkastingssjef John Bernander vil seie når han kjem fredag for å tale om nynorsk i NRK. Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa held landsmøtetalen laurdag om "Målsaka som samfunnsspørsmål". Landsmøtet er i år ein del av Norsk kulturhelg 26.-28. april - nynorskorganisasjonane si årlege stormønstring i hovudstaden.

- Distriktskontora har vore avgjerande for å gje nynorsken og dialektane eit rom i radio og fjernsyn, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Målrørsla var i si tid ein sterk pådrivar for at NRK skulle byggje opp distriktskontora.

- Historia har vist at distriktskontora har fylt den oppgåva dei skulle ha. Dei har fått fram artistar frå heile landet, gjort NRK til ein verkeleg nasjonal kringkastar og har jamt over svært populære sendingar. Det er med svært stor uro me no ser at NRK har teke til med å byggje ned den desentraliserte strukturen, seier Hoel.

NRK slo i fjor saman distriktskontora i Hedmark/Oppland og Nord- og Sør-Trøndelag, og heile distriktsstrukturen er no under lupa. Det såkalla "identitetsutvalet" i Distrikts- og nyhendedivisjonen gjekk i fjor inn for å redusere talet på distrikt til ti, noko som vil føre til at redaksjonen i det svært viktige nynorskfylket Sogn og Fjordane vil bli lagt under kontoret i bokmålsbyen Bergen. NRK skal ta stilling til den framtidige
distriktsstrukturen til sommaren.

Leiar i kommunalkomiteen og tidlegare sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa skal tale til landsmøtet om målsaka som eit samfunnspolitisk spørsmål.

- Det er lite politisk merksemd kring språk og språkpolitikk, og me har utfordra Kleppa på korleis språkspørsmål kan bli viktigare på den sentrale
politiske arenaen, seier Oddmund Hoel.

- Nynorskbrukarar møter framleis mange hinder i kvardagen, og no står heile det norske språkområdet overfor eit nytt og stort trugsmål frå engelsk. I
Sverige har ein parlamentarisk språkkommisjon nettopp langt fram eit offensivt handlingsprogram for å styrkja svensk språk medan Noreg heng etter, seier Hoel.

Valnemnda har innstilt desse til nytt styre i Noregs Mållag:

Leiar: Vidar Lund, Oslo (ny)
Nestleiar: Håvard Teigen, Lillehammer (styremedlem sidan 1999)
Styremedlem: Astrid Marie Nistad, Sogndal (ikkje på val)
Styremedlem Rutt Trøite Lorentzen, Trondheim (attval)
Styremedlem Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (1. vara sidan 2001)
Styremedlem Endre Otto Brunstad, Bergen (ny)
Styremedlem Astrid Dypvik, Oslo, representant for Norsk Målungdom (ny)

1. vara: Steinulf Tungesvik, Oslo
2. vara: Eldbjørg Skaug, Eidsberg
3. vara: Anne Steinsvik Nordal, Volda
4. vara: Karstein Bjørge, Sund

1. vara: Ragnhild Bjørge, Oslo, representant for Norsk Målungdom
2. vara: Erlend Hovland, Trondheim, representant for Norsk Målungdom

INVITASJON TIL PRESSEKONFERANSE 25. APRIL KL. 10.00

Noregs Mållag inviterer til pressekonferanse om landsmøtet og Norsk kulturhelg.
Tid: 25. april kl 10-11
Stad: Det Norske Teatret, Oslo

Oddmund Hoel vil orientere om dei viktigaste sakene i samband med landsmøtet, mellom anna korleis regjeringa har svikta totalt i arbeidet for å styrkje nynorsk innanfor informasjonsteknologien.

Ragnhild Bjørge, sekretær for Norsk kulturhelg, vil orientere om kulturhelga.

Vidar Lund, leiarkandidat i Noregs Mållag, vil også vere til stades.

For detaljert landsmøteprogram, sjå <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9198/35964">landsmøtesida</a>.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 926 48 348

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no